Sauda kommune har varsla fire saudafirma om at dei må knytte til seg meir kompetanse. Viss ikkje mistar dei oppdraget dei fekk gjennom anbodskonkurransen på tilbygget til Folkets Hus.
Dei ulike byggeoppdraga på kulturhuset er rangert i ulike tiltaksklassar. Jo høgare tiltaksklasse jobben krev, jo høgare kompetanse må bedrifta ha. Sauda kommune har nå gjennomført tilsyn og underkjent tiltaksklassen fire firma hevdar dei har.
AS Forskaling, Klima og Energiteknikk, Sauda Rørhandel og Holta og Håland Safety har nå fått beskjed frå Sauda kommune om at dei må knytte til seg nødvendig kompetanse.
– Ei løysing er å inngå eit samarbeid med andre firma som har denne kompetansen. I så fall må dei kunne dokumentere dette og oversende ein organisasjonsplan som skildrar denne involveringa, seier byggesaksbehandler i Sauda kommune, Harald Eikrem.
Han opplyser at krava til tiltaksklassar har blitt strengare.
– Men det er fullt muleg å løyse dette for dei aktuelle bedriftene. Men løyser dei det ikkje, vil dei miste oppdraget, seier Eikrem.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.