Ei bok som handlar om forfattaren Kjartan Fløgstad har aldri blitt gitt ut. I 2018 vil Det Norske Samlaget gi ut ei bok om Fløgstad. Forfattaren er Heming Gujord, førsteamanuensis og lektorutdannar ved Universitetet i Bergen.
– Kjartan Fløgstad har alltid interessert meg. Eg har lest bøkene hans sidan studietida, seier Gujord.
I januar tok han eitt år forskarfri for å jobbe med Fløgstad-boka.
– Boka vil handle om forfattaren Fløgstad. Det vil ikkje bli ein tradisjonell biografi, men der det er relevant vil eg trekke inn biografiske element, opplyser forskaren.
Gujord ønsker å gi ut ei bok som også skal appellere til vanlege lesarar og ikkje kun vere ei bok for universitetsmiljøet.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.