LAGAR LIV: Vamp er det store trekkplasteret til årets utgåve av Saudadagane, eit arrangement som ser ut til å bli større og betre enn nokon gong. (Pressefoto)
LAGAR LIV: Vamp er det store trekkplasteret til årets utgåve av Saudadagane, eit arrangement som ser ut til å bli større og betre enn nokon gong. (Pressefoto)

Frisk satsing og eit større arrangement

Saudadagane blir utvida med éin dag, og byr på eit breitt utval av musikk med Vamp i spissen.

Årets arrangement ligg tilfeldigvis i veka med Kristi himmelfartsdag, og arrangørane har bestemt seg for å gripe moglegheita.

– Vi fekk ein raud dag på kjøpet, og då fann vi ut at vi ville utvida arrangementet, seier Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid.

– Det betyr at vi tar med oss torsdagen, i tillegg til fredag og laurdag som det tradisjonelt har vore av konsertar. Vi satsar og trur at publikum vil like det vi har på menyen. Dette er ein god måte å utvikle arrangementet på, meiner vi. Med ein fridag midt i veka trur vi både fastbuande og fleire tilreisande vil benytte seg av tilboda i Sauda desse dagane.

Sjølv om ikkje alle brikker er på plass, ser programmet imponerande ut. Det inkluderer blant anna:
Torsdag: Konsert på Paviljongen med Vamp.
Fredag: Standup-komikar på Paviljongen
Laurdag: Konsert med Stavanger-kameratene og dans med Anne Nørsti på Paviljongen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.