JAKTAR PÅ NYE INNBYGGARAR: Ordførar Asbjørn Birkeland ønsker å finna løysingar på at alt integrerte asylsøkarar og flyktningar med opphald i Norge kan få fortsetta med å bu i Sauda. Her er han innom vaksenopplæringa, som blei utvida med to-tre nye stillingar i 2016. (Foto: Ingvil Bakka)

Ønsker seg fleire flyktningar

Gode erfaringar med asylmottaket og ein godt rusta kommuneorganisasjon gjer at Sauda nå vurderer ta imot tre gonger fleire flyktningar i 2017 enn avtalt.

– Organisasjonen vår er, etter etableringa og nå nedlegginga av asylmottaket, rigga for å kunne ta imot fleire flyktningar enn dei 15 kommunestyret har vedtatt at me skal busetta i 2017, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur.

Politikarane i Sauda kommunestyre vedtok i november i fjor at Sauda skal busetta 15 flyktningar i 2017. Dette var heilt i tråd med innstillinga frå administrasjonen. Det var også det talet Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) bad Sauda kommune om å busetta i 2017. Vedtaket blei gjort få veker før det blei klart at det nær eitt år gamle asylmottaket i Sauda skulle leggast ned i februar 2017.

– Tidlegare var det IMDI som måtte masa på kommunane om å busetta flyktningar. Nå er det motsett. Mange kommunar, som har rigga organisasjonen sin for asylmottak og har mista mottaket sitt, kjempar nå om å få busetta fleire flyktningar i sin kommune, forklarer Svandal.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.