VENTETID: Einingsleiar Olivia Obtinario meiner det uansett vil vere ventetid for å nå gjennom til Sauda legesenter over telefon. (Foto: Even Emberland)
VENTETID: Einingsleiar Olivia Obtinario meiner det uansett vil vere ventetid for å nå gjennom til Sauda legesenter over telefon. (Foto: Even Emberland)

Telefonkø på legesenteret

Sauda legesenter har vore plaga med tekniske problem og lang ventetid på telefon.

Fleire pasientar ved Sauda legesenter har den siste månaden måtta vente lenge om ein har prøvd å ringe til legesenteret. Opp mot 40 minutt har det gått før ein har fått svar, ifølge tips Ryfylke har fått.

– Eg forstår godt at det er irriterande for personar som ringer og må vente lenge. Me har også hatt tekniske problem den siste tida med sentralbordløysinga, seier Olivia Obtinario, einingsleiar ved Sauda legesenter.

Sjølv om teknikken viser teikn på betring, kan det fortsatt bli betydeleg ventetid for pasientar som ringer. Sentralbordsystemet som blir brukt legg opp til at to personar kan ta imot innkommande telefonar. Ved legesenteret bruker dei éi stilling på den aktuelle jobben, og Obtinario er tydeleg på at det ikkje blir fleire med det første.

– Skal me ha to som betener telefonen, så betyr det at me må ta folk frå andre stasjonar. Det går ikkje. Folk som ringar inn må rekne med litt venting, for ein er nøydd til å avslutte ein samtale før ein startar den neste, forklarer Obtinario, som oppfordrar fleire til å bruke internett eller SMS.

Les meir i papiravisa eller last ned eavis  her