VIL KUTTA: Rådmann Wictor Juul vil legga ned Risvoll skule og kutta kraftig i talet på einingsleiarar. (Foto: Ingvil Bakka)
VIL KUTTA: Rådmann Wictor Juul vil legga ned Risvoll skule og kutta kraftig i talet på einingsleiarar. (Foto: Ingvil Bakka)

Står fast på Risvoll-nedlegging

Rådmann Wictor Juul la i dag, tysdag ettermiddag, fram sine forslag til ei storstilt omorganisering i Sauda kommune.

– I budsjettet ligg det alt inne at me skal spara fem millionar kroner i år på denne omorganiseringa. I forslaget mitt vil me spara rundt 3,5 millionar kroner i år. Det betyr at eg må finna halvanna million i innsparing andre stader i budsjettet, forklarer Juul.

Rådmannen står fast på sitt forslag om å legga ned barneskulen Risvoll skule i Saudasjøen. Forslaget til rådmannen skal først opp til behandling i formannskapet i slutten av februar, før det skal til endeleg behandling i kommunestyret i midten av mars. Juul ønsker at innsparingstiltaka blir iverksett alt frå 1. august i år. Ved å legga ned Risvoll skule frå og med denne datoen, kan kommunen spara 2,5 millionar kroner i år. Innsparinga dei neste åra vil ligga på rundt fem millionar kroner i året.

Politikarane har signalisert liten vilje til å gå med på forslaget om å legga ned Risvoll skule. Men, blir nedleggingsforslaget til rådmannen nedstemt, må politikarane finna andre stader i 2017-budsjettet der dei kan spara 2,5 millionar kroner. Rådmannen antyda i orienteringa si i ettermiddag at ei løysing kan vera å setta av færre millionar til fond. Fond er kommunen si form for ”sparekonto”, der pengane kan brukast til framtidige kommunale investeringsprosjekt.

Lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Sauda, Roar Fiveland, liker dårleg rådmannen sitt nå offentlege forslag til organisasjonsstruktur og leiarstruktur.

– Eg ser ikkje eit snev av barnets beste når det gjeld barnehage og skule. Dette er alvorleg med tanke på Sauda si framtid, seier han.

Han minnar om at det i budsjetta mellom 2008 og 2016 alt er kutta 17 stillingar i skuleverket, pluss ei IKT-stilling. Fiveland meiner det er feil at skulen skal fortsetta med å ta store delar av kommunen sine nedskjæringar.

Rådmannen foreslår elles at Sauda kommune held fram med tre nivå på den administrative leiinga. Men, han ønsker å redusera kraftig i talet på kommunale einingsleiarar. I dag har kommunen 23-24 einingsleiarar. Rådmannen ønsker å gå ned til rundt halvparten, og heller ha fleire avdelingsleiarar. Dei praktiske løysingane på denne omorganiseringa kan, ifølge rådmannen, variera. Nokre av dagens einingsleiarar kan frivillig ”tre til sides”, andre gonger kan det henda at einingsleiarstillinga må lysast ut. Dagens einingsleiarar vil uansett behalda løna si dersom dei går over til andre stillingar i kommunen. Innsparinga vil komma når vedkommande sluttar og nytilsettingar skal gjerast.

Rådmannen ser føre seg at den totale omorganiseringa med full effekt kan spara Sauda kommune for ti millionar kroner i året.

Han innrømmer at det har vore ein tøff og vanskeleg prosess, der både leiarar og medarbeidarar har fått uttalt seg undervegs. Han veit at mange tilsette er skuffa og slett ikkje einige i forslaga.

– Fleire har sagt til meg at det er fordi eg skal slutta eg vågar å gjera dette. Men nei. Eg hadde kome med desse forslaga uansett. Eg meiner dette er rett og eg trur det er fornuftig, sa han under orienteringa si.

Les meir om kuttforslaga og om reaksjonane i papiravisa fredag 3. februar.