SKATTESVIKT: Sauda kommune fekk inn til millionar kroner mindre i personskatt enn først budsjettert for 2016. (Foto: Even Emberland)
SKATTESVIKT: Sauda kommune fekk inn til millionar kroner mindre i personskatt enn først budsjettert for 2016. (Foto: Even Emberland)

Skattesmell for Sauda

Kommunen varsla fire-fem millionar kroner i skattesvikt i haust. Det enda med meir enn dobbelt så mykje.

Sauda kommune budsjetterte først med 123 millionar kroner i skatteinntekter frå privatpersonar for 2016. Etter kvart som året skreid fram, varsla rådmann Wictor Juul og kommuneadministrasjonen ein skattesvikt på fire millionar kroner.

Nå har skatteoppkrevjar og økonomisjef i Sauda kommune, Roy-Ove Kvernenes, levert årsrapporten for Sauda kommune. Frå den går det fram at dei fekk inn 112,3 millionar kroner i skatteinntekter frå privatpersonar. Det er drygt 10 millionar kroner mindre enn først budsjettert.

Etter kvart som 2016 skreid fram, såg kommunen at det gjekk mot ein betydeleg skattesvikt, og i oktober antok rådmann Wictor Juul ein skattesvikt på fire-fem millionar kroner for 2016.

Som ein følge av det såg kommunen seg nøydd til å gjere innsparingar i hausthalvåret for å få budsjettet til å gå i balanse. Dermed korrigerte ein ned det totale budsjettet for skatt på skatt og formue med fire millionar kroner. Med fasit i hand slutta ein året med 6,7 millionar kroner mindre enn kva ein såg føre seg i haust.

– Eg er overraska, for me gjorde eit anslag då me korrigerte. Då trudde me at fire millionar kroner mindre var realistisk. Nå mot slutten av året venta eg at me kanskje kom til å bomme med to-tre millionar kroner på det korrigerte budsjettet, men ikkje med så mykje som 6,7 millionar kroner, eller 10 millionar kroner samanlikna med det originale budsjettet, seier Kvernenes.

– Kvifor har skattesvikten blitt så stor?

– Det er nok ein kombinasjon av fleire faktorar. Det eine er at regjeringa har endra litt på skatteregimet samanlikna med førre regjering. Det andre er at Sauda har mista ein del arbeidsplassar. Frå 2010 og fram til i dag har ein mista drygt 100 arbeidsplassar. Det skal ikkje slå ut direkte for 2016-skatten, men det speler inn, forklarer skatteoppkrevjaren og økonomisjefen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.