Den 40. utgåva av Slettedalen Rundt gav to heimesigrar. I kvinneklassen var Jorunn Øye raskast, drygt seks minutt foran Karine Anette Orset Klæboe (Vindafjord IL) på andreplass.
I herreklassen tok førehandsfavoritten Sondre Handeland tidleg teten, og alt ut av stadion hadde han luke ned til konkurrentane. Han såg seg aldri tilbake, og på blanke ski staka han seg til ein suveren siger. Sluttida på 1.06.13 er noko av det raskaste som er prestert i løypa. Løyperekorden er på 1.05.33, sett av Kjell Ove Seim i 1992.
- Sondre Handeland var suveren og hamna bare 40 sekund bak løyperekorden som blir omtala som uslåeleg.
- Egil Aarebrot i den tyngste motbakken i lysløypa på veg tilbake på den første runden.
- Tre år gamle Gustav Nes Rasmussen var blant dei som delte ut saft til deltakarane – og sjølvsagt sikra seg ein kopp og to sjølv også!
- Jone Bjerga Øverland (til venstre) og Herman Bakkane Folgerø var blant dei yngste som gjekk løpet på tid. Etter målgang var det meir energi å ta av.
- Tidleg på den første runden var Jorunn Øye i einsam majestet.
- Dei frivillige Lars Øverland (frå venstre) og Ingvar Austerheim var blant dei mange som sikra eit knirkefritt arrangement. Her med teknisk delegat Lars Olav Larsen.
- 24-åringen tynte dei siste kreftene inne på den korte sløyfa på stadion.
- Jorunn Øye vann Slettedalen Rundt for fjerde gong.
- Oddgeir Stråbø gjekk inn til femteplass totalt og siger i sin klasse.
- RÅSTERK: Sondre Handeland var bare 40 sekund bak den «uslåelege» løyperekorden etter å ha staka Slettedalen Rundt på blanke ski. (Alle foto: Even Emberland)
- 16-åringen Olai Nes Rasmussen kjempa seg gjennom dei to rundane i Slettedalen.
- Jorunn Øye hadde alt sikra seg ein vandrepokal då dette var hennar fjerde triumf, medan Sondre Handeland med årets siger står med to triumfar i turrennet.
- Med rekordforsøket tok 24-åringen ut det han hadde av krefter.
- Etter at Sondre Handeland fekk pusten igjen, var han takksam for hjelpa han fekk til å ta av seg skia.
- Dette bildet er frå i fjor og viser, frå venstre, Øyvind Viga, Ola Martin Øverland og Håvard Djuve. Slettedalen Rundt går alltid i klassisk stil. Arkivfoto: Even Emberland.
- Terje Aarekol gjekk for festevoks, utan klister i botn.
- Øyvind Herheim og dei andre i tidtakarbua loste løparane og publikum gjennom arrangementet.
- Øyvind O. Viga (Hjelmeland IL) og Håvard Jårvik Djuve følgde nærmast Handeland ut av stadion.
- For Oddgeir Stråbø og Terje Aarekol (nærmast) var det godt å vite kva som var gjort etter målgang.
- Håvard Jårvik Djuve fekk ikkje fullklaff i Slettedalen Rundt og enda på fjerdeplass totalt.