MINDRE FRÅVÆR: Ved Sauda vidaregåande skule etter at dei nye fråværsreglane blei innført. (Arkivfoto: Even Emberland)
MINDRE FRÅVÆR: Ved Sauda vidaregåande skule etter at dei nye fråværsreglane blei innført. (Arkivfoto: Even Emberland)

Fråværet drastisk redusert

Etter Kunnskapsdepartementet si innstraming rundt fråværsreglar, viser tal og statistikk at fråværet har gått markant ned på Sauda vidaregåande skule.

Elevfråværet i første termin dette skuleåret hadde samanlikna med forrige skuleår ein prosentvis nedgang på 20,6 prosent for dagsfråværet og 32,8 prosent kva gjeld timefråværet.

Lisbet Bakka Hjorth er administrasjonsleiar ved Sauda vidaregåande skule. Ho understreker at tala ikkje er fullt ut samanliknbare då tala for dette skuleåret ikkje er endelege. Det betyr at nedgangen i fråvær kan bli endå større.

– Grunnen er at tala me opererer med for tidlegare skuleår er opp- og avgjort, medan det ikkje gjeld tala for dette skuleåret. Har ein til dømes elevar med veldig høgt fråvær som sluttar i mars, så forsvinn fråværet saman med eleven ut av systemet, sjølv om det nå er registrert for hausten, forklarer Hjorth.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.