ARBEID GJENSTÅR: I 2016 var byggearbeidet i Allmannajuvet ferdig. Nå gjenstår rassikring til seks millionar. (Arkivfoto: Edd Meby)
ARBEID GJENSTÅR: I 2016 var byggearbeidet i Allmannajuvet ferdig. Nå gjenstår rassikring til seks millionar. (Arkivfoto: Edd Meby)

Må rassikra for seks millionar

Prislappen på den resterande rassikringa i Allmannajuvet er klar.  Bare dei to bruene åleine kostar 1,8 millionar kroner. Sauda kommune vil truleg ta halve rekninga på seks millionar.

Sauda er ein økonomisk hardt pressa kommune for tida. Rassikringsrekninga i Allmannajuvet betyr at kommunen må bruka endå meir av sparepengane sine – og ta opp endå meir lån.

– Me er i ei tid der me vrir på kvar ei krone, og eg forstår at desse utgiftene derfor gjerne blir sett på som litt ”kontroversielle”. Men eg håpar at politikarane og folk flest ser at dette er ei viktig investering som kan gagna både næringsliv og reiseliv i Sauda, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.