NI VEKER: I år blir turistveganlegget ope i ni veker i strekk. Sauda Ferie & Fritid er spent på korleis besøkstala blir. (Arkivfoto: Even Emberland)
NI VEKER: I år blir turistveganlegget ope i ni veker i strekk. Sauda Ferie & Fritid er spent på korleis besøkstala blir. (Arkivfoto: Even Emberland)

Førebur seg på full drift

I sommar bli turistveganlegget i Allmannajuvet ope i ni veker.

Tre månader før den aller første fulldriftssesongen i Allmannajuvet startar, er dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid, Ragnar Fosstveit, godt i gang med å planlegga sesongen.

– Me opnar måndag 19. juni i veke 25 og vil ha ope til 20. august i veke 33. Det er også muleg for grupper å ta kontakt for omvisning utanfor sommarsesongen, seier han.

I fjor sommar, då bare delar av anlegget var ferdig, var det ei seks veker lang prøvedrift i turistveganlegget. Grovt rekna hadde anlegget då 2 100 besøkande i juli og rundt 600 i august. Desse tala gjeld kun folk som hadde vore innom kafeen i opningstida, derfor vil det reelle besøkstalet truleg vera ein god del høgare.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.