Rune Bastlien har klødd seg i hovudet sidan september i fjor. Då tok regionkontoret til Bunnpris kontakt med han og lurte på om han var interessert i å blir franchisetakar.
– Min første tanke var at eg ikkje veit noko om daglegvarer, seier Bastlien.
At han månaden etter fekk fast jobb på smelteverket i Sauda gjorde ikkje tankeprosessen enklare.
– Enkelte meiner at det ikkje er så veldig klokt å seie opp ein fast jobb på smelteverket, men det er ein sjanse eg er villig til å ta, smiler Bastlien.
Tankeprosessen enda til slutt med at han inngjekk avtale med Bunnpris. 23. mai sluttar han på smelteverket. I juni skal han reise rundt i Bunnpris-systemet for å lære seg meir om daglegvarekjeden. 1. juli overtar han ansvaret for butikken i Sauda.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.