– Dyrka eller dyrkbar mark er det som dannar grunnlaget for gardsdrift. Tar ein meir jordbruksareal frå Birkeland nå vil ein øydelegga viktig produksjonsgrunnlag for evig tid, seier gardbrukar Sverre Gustav Birkeland.
42-åringen er sjølvstendig næringsdrivande og driv gard med 300 sauer på Birkeland.
Han og Ivar Tangeraas, som er deltidsbonde med rundt 100 sauer på den noko mindre nabogarden, ser med bekymring på at ei utviding av industriområdet er blitt eit aktuelt tema. I ein artikkel i Ryfylke i slutten av april sa rådmann Andreas Fløgstad at han meiner utvikling av nye arbeidsplassar i Sauda blant anna er avhengig av meir tilrettelagt areal på Birkeland.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.