*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Roleg julefeiring i Sauda, trass mange fridagar og høg feststemning.

Sauda blir politisenter

Politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt bekrefter at Sauda blir politisenter.

Onsdag opplyser politimeister Hans Vik i Sør-Vest politidistrikt at Sauda blir politiets administrasjonsstad for kommunane Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda.

– Ordførarane i Etne og Vindafjord uttrykte i eit møte 16. mai skepsis til forslaget om administrasjonsstad. Eg tok derfor ei ny vurdering, men avgjerdsla om Sauda som administrasjonsstad er nå endeleg, uttaler Vik i ei pressemelding.

Det følger ikkje ekstra stillingar med eit administrasjonssenter. Leiaren av administrasjonssenteret vil både vere lensmann i Sauda og Suldal politidistrikt, samtidig som personen også skal vere administrasjonsleiar for den nye driftseininga Etne/Vindafjord og Sauda/Suldal.

– Folk i Etne og Vindafjord treng ikkje å dra til Sauda for å møte politiet eller nytte seg av sivile polititenester. Mitt val er heller ikkje noko signal om nedtrapping av polititilbodet i Etne og Vindafjord, seier Vik, som svar på protestane frå ordførarane i Vindafjord og Etne.