BYGGESTART 2018: Her blir det gang- og sykkelveg. Arbeidet startar opp neste år. (Foto: Frank Waal)
BYGGESTART 2018: Her blir det gang- og sykkelveg. Arbeidet startar opp neste år. (Foto: Frank Waal)

Nå blir det samanhengande gangveg

Ein samanhengande gang- og sykkelveg frå Sauda til Saudasjøen har lenge stått høgt på ønskelista. Nå er byggeplanane klare.

Fylkesvegnettet i Sauda har vore svært mangelfullt når det gjeld eit eige område for gåande og syklande. Sauda kommune har over fleire år pressa på for å få Rogaland fylkeskommune til å auke trafikksikkerheita langs fylkesvegane i Sauda.

Blant anna manglar det ein samanhengande gang- og sykkelveg frå Sauda til Saudasjøen. Sykkelstien frå Saudasjøen stoppar ved båthamna. Deretter må dei mjuke trafikantane krysse fylkesvegen og ta i bruk promenaden langs kaikanten inn til sentrum, for så å krysse vegen igjen. Alternativet er å ta i bruk kjørebanen til Strandavegen.

Nå har Statens vegvesen gjort ferdig ein reguleringsplan som skal sikre ein samanhengande gang- og sykkelsti. Formannskapet i Sauda har applaudert planen og lagt den ut på høyring. Neste år startar byggearbeidet.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.