FULLKLAFF: Saudadagane gir butikkane i Sauda svært god omsetting, og i år klaffa det med vêret også. (Foto: Edd Meby)
FULLKLAFF: Saudadagane gir butikkane i Sauda svært god omsetting, og i år klaffa det med vêret også. (Foto: Edd Meby)

Jubel i sentrumsbutikkane

Saudadagane gav gode ekstrainntekter for handelsstanden.

– Å samanlikne omsettinga under Saudadagane med omsettinga vanlege fredagar og laurdagar går ikkje. Saudadagane har gir oss svært mange kundar, seier Solfrid Seim Nilsen i klesbutikken Tara.

Ho har ikkje fått omsettingstala frå rekneskapsføraren ennå, men kan likevel slå fast at Saudadagane er ein suksess for den lokale handelsstanden.

– I periodar er det så mange kunder i butikken at me ikkje får tid til å gi den service me vanlegvis gir. Eg håper kundane er forståelsesfulle for det, seier Seim Nilsen.

Åse Marie Egeland Aartun i butikken Kompaniet Outlet kan melde om ei omsetting som er fleire hundre prosent høgare under Saudadagane.

– Eg trur eg nesten aldri har sett så mykje folk i sentrum. Det var heilt topp og mange kunder. Det er ein fin miks mellom fastbuande og tilreisande, seier ho.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.