Grunneigarar ved Risvollelva, i Maldal og på Molla har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon til å bygge kraftverk. Onsdag 7. juni vedtok formannskapet å anbefale NVE å gi konsesjon til dei fire kraftverka.
Eit samla formannskap meiner dei fire kraftverka er lite konfliktfylte.
– Eg blir ikkje rik på dette, men på sikt håpar eg at det kan gi litt tilleggsinntekter til garden, seier grunneigar Lars Reidar Fosstveit.
Totalt 12 grunneigarar har gått saman om å bygge kraftverk i Risvollelva. Lars Reidar Fosstveit er den nest største grunneigaren i denne utbygginga.
Høyringsfristen for dei fire kraftverka gjekk ut 27. juni i år.
Totalt vil dei fire kraftverka produsere 32,5 GWh i året. Dette tilsvarer omtrent straumforbruket til samtlege privathus i Sauda.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.