Allmannajuvet er éin av 20 finalistar som kjemper om Arkitekturprisen 2017. Prisen er eit samarbeid mellom Norske interiørarkitekters landsforbund og møbeldesigneres landsforening, Norske Arkitekters landsforbund og Norske landskapsarkitekters forening.
På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.
Det er medlemmene i dei nemnte organisasjonane som skal stemme fram vinnaren, som blir kåra i slutten av september.
– Allmannajuvet med sin særeigne natur og rike kulturhistorie er eit særskilt attraksjonspunkt i turistvegsatsinga. Det opna i september 2016 og levandegjer den gamle gruvehistorien i området på slutten av 1800-talet, skriv Per Ritzler frå Nasjonale turistveger, Statens vegvesen i ei pressemelding.
– Arkitekturprisen 2017 skal gå til et prosjekt av høy helhetlig, arkitektonisk og designmessig kvalitet som er ferdigstilt i Norge i løpet av de tre siste årene, skriv Norske Arkitekters landsforbund på sine nettsider om prisen.