Han er det ein trygt kan karakterisere som saudapatriot. Tor Olav Lien har budd heile livet i Sauda. Og forutan ein svipptur til Nesflaten og utbygging av vasskraftverket der sommaren i 1965, heldt han seg i Sauda gjennom arbeidslivet også.
– Eg er saudapatriot, ja. Eg vil Sauda alt godt. Og me har det veldig godt, du kan jo bare sjå rundt deg. Me har eigentleg alt her, det er altfor bra, seier han og ler, før han held fram:
– Det viktigaste er at me har servicebedrifter, gode tilbod innan helse, skule og butikkar. Alt det fungerer stort sett godt her. Sjølvsagt har du dei som aldri blir fonøgde uansett kva tilbod ein har, men dei har du over alt, seier Lien engasjert.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.