– Ei heilt fantastisk dag! Me får enorme tilbakemeldingar, og heile bondenæringa veks på dette. Dette er utelukkande positivt, og bidrar til renomeoppbygging. Dette er så kjekt, og me er meir enn klare for nytt arrangement i 2018, seier Dagfinn Birkeland, leiar i Sauda sau og geit.
Under Bønder i Byn-arrangementet blir Rådhuplassen fylt opp av ulike dyrebåsar. I år var det både griser, sauer, lamaer og kyr utstilt. Sauene blei vurdert av dei to profesjonelle dommarane Lars Egil Bakka og Olga Lilleland Espevold. Dommarane har ein stor jobb med å vurdera føter, ull og kropp hos kvar enkelt sau.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.