Vogntoget frå Sauda vidaregåande skule har truleg sege av vegen opp mot fjordhotellkrysset. Foto: Privat.
Vogntoget frå Sauda vidaregåande skule har truleg sege av vegen opp mot fjordhotellkrysset. Foto: Privat.

Vogntog i grøfta ved skuleveg – oppdatering

Sjølv med piggdekk var det farleg glatt i dag, tysdag.

– Eg skal ut og kikka nå, seier Andre Håheimsnes, leiar ved yrkessjåførlinja til Sauda vidaregåande skule.

Ryfylke fekk i 09.30-tida melding om at eit vogntog frå skulen hadde hamna i grøfta i bakken mellom Nesbrua og fjordhotellkrysset. Vogntoget har truleg sege ut på venstre side, altså motsett side av gang- og sykkelstien som blant anna blir brukt av elevar ved Risvoll skule. Ein far har kontakta Ryfylke og uttrykt bekymring for sikkerheten for skulebarna.

Ingen andre bilar eller trafikkantar skal, etter det Ryfylke kjenner til, vera involvert i hendinga.

Ryfylke, som er i ferd med å skifta til piggdekk på avisbilen, kjem tilbake med meir.

Eit par timar seinare er Ryfylke igjen i kontakt med Håheimsnes. Han fortel at vogntoget var godt skodd med piggdekk for vinterføret.

– Det skjedde ein kombinasjon mellom ein sjåførfeil hos eleven bak rattet og teknisk feil på vogntoget. Diferensialsperra virka ikkje. Bilen stoppa opp i bakken, og glei ut i sida. Det var låg fart og ingen drama, forsikrar Håheimsnes.

Det tekniske utstyret på vogntoget blir nå fiksa.