Elevråda ved begge skulane valde at pengane frå årets aksjon skulle gå til Vennskapssamarbeidet Sauda – San Juan del Sur.
Ungdomsskulen hadde sin solidaritetsdag torsdag 2. november, medan vidaregåande hadde sin dag tysdag denne veka. Truleg vil elevane ved dei to skulane ha fått samla inn 70-80 000 kroner til vennskapssamarbeidet.
– Eg synest dette er eit godt formål, som me har blitt godt kjent med gjennom heile skuletida. Eg hugsar fortsatt nicaraguasongen me alltid song på barneskulen, smiler Emil Dyre Jordal.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.