Like før klokka halv to tysdag ettermiddag opplyser teknisk sjef i Sauda kommune, Randi Karin Habbestad, at det nå blir innført manuell dirigering ved Svandalsfossen.
Det er venta store nedbørsmengder i Sauda og på Vestlandet i dag, tysdag.
Sauda vidaregåande skule tar grep som ein følge av situasjonen rundt Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen.
– Det er varsla ekstremvêr, og me har fått indikasjonar på at Svandalsfossen kan bli stengt. Leiinga har difor bestemt at elevar som pendlar til skulen via Ropeidveien får innvilga studiedag i morgon onsdag 6. desember. Elevar som ønsker det kan møte på avdeling Sand og arbeide der, varslar rektor ved Sauda vidaregåande skule Oskar Waage-Pettersen.