På Birkeland har vatnet begynt å samle seg opp på jordene som innsjøar. Grunneigar Nils Jarle Sandanger må la bilen stå.
– Eg har ein låg bil og vasstanden på vegen er for høg til at eg kjem meg ut frå eigedomen, opplyser Sandanger.
Han er meir bekymra for husa rundt.
– Eg har budd her i 15 år. Kun éin gong før har eg sett så mykje vatn her.
Oppsynsmann John Ola Espevik ved teknisk eining i Sauda kommune opplyser at dei har fleire område i Sauda under oppsikt.
– Verst er det her på Birkeland. Me vurdere å bestille ein gravemaskin for å opne opp. Stig vatnet meir er det fare for at det kan bli vasskader på enkelte bygningar. I tillegg har me ein del bekkar i Sauda som me held oppsyn med, seier Espevik.
Svandalsfossen er igjen opna for trafikk med manuell dirigering på staden.