Utbetringsarbeid utan løyve?

– Utbetringsarbeida som er gjort på Fylkesveg 713 ved Tverrånå er muleg ulovlege tiltak etter plan- og bygningslova, konkluderer Sauda kommune i eit brev til Statens vegvesen. Nå får Vegvesenet ein månad på seg til å komma med ein uttale i saka.

Det er ein grunneigar som har stilt kommunen spørsmål om ikkje arbeida Vegvesenet har utført er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, og om han ikkje skulle mottatt nabovarsel før arbeidet blei sett i gang. I samband med utbetringsarbeidet og disponering av overskotsmasse har vatn funne nye vegar og gjer no skade på eigedomen hans.

Kommunen sin saksbehandlar seier seg samd med grunneigaren og vurderer arbeida som såpass omfattande at dei er underlagt krav om søknadsplikt. Nå må altså Statens vegvesen forklara seg.