Sanitetsforeininga får endeleg saka til behandling

Under eventuelt i formannskapet onsdag spurde Sigrid Bojesen Fatnes (Senterpartiet) rådmann Rune Kloster Tvedt om saka der Sauda Sanitetsforening søker fritak frå hus- og koppleige til sine møte.

Det var i fjor sanitetsforeininga sende søknaden om fritak, og i desember fekk dei svar frå Tvedt om at saka vil bli lagt fram for kommunestyret og lokalpolitikarane for behandling. Rådmannen understreka at sanitetsforeininga fram til den politiske behandlinga av saka må betale leige etter satsane som er vedtatt av kommunestyret.

Så langt har det vore fire kommunestyremøte i år utan at saka har blitt lagt fram.

– Saka var i fjor oppe som del av pakken som gjekk på leige av lokale for lag og foreiningar. Så kom sanitetsforeininga med ein søknad om fritak, og me jobbar med ei særskild sak på deira søknad, sa Tvedt generelt om saka etter spørsmål frå Fatnes.

– Men når vil den vere klar for politisk behandling? Er dette ei sak som kan bli lagt fram for formannskapet? spurde Fatnes.

– Det var kommunestyret som gjorde vedtak i saka. Eit nytt vedtak må difor gjerast av kommunestyret. Me satsar på å legge fram saka for kommunestyret i oktober.

– Er det ikkje mogleg å få saka klar til kommunestyret i september?

– Jo, me skal ha saka klar til førstkommande kommunestyre. Det blir i september, ja, avslutta rådmann Rune Kloster Tvedt.