Olaf Olsvik i Mestringshusene ønsker fem års leigeavtale, med opsjon på fem år til, dersom det blir rusbehandlingsinstitusjon i Sauda. Foto: Frank Waal.
Olaf Olsvik i Mestringshusene ønsker fem års leigeavtale, med opsjon på fem år til, dersom det blir rusbehandlingsinstitusjon i Sauda. Foto: Frank Waal.

Lovar lite ”bråk” frå rusinstitusjon

Onsdag informerte Mestringshusene formannskapet om planane sine om å etablere rusbehandlingsinstitusjon ved Sauda Fjordhotell.

Mestringshusene vurderer å gjere om Sauda Fjordhotell til eit rusbehandlingssenter. Sauda Fjordhotell slit med økonomien og har opplyst at dei kan vere interessert i å inngå ein avtale med Mestringshusene.

– Men ingen avtale er inngått, presiserer Olaf Olsvik i Mestringshusene.

Onsdag hadde han tatt turen til Sauda for å informere formannskapet og kommuneadministrasjonen om planane. I tillegg var Sauda Vekst med på møtet.

Dersom Mestringshusene og Sauda Fjordhotell vil inngå ein avtale, er dei avhengig av at politikarane i Sauda seier ja til dette. I dag er Sauda Fjordhotell regulert til hotelldrift. Ei bruksendring til intitusjonsdrift treng politisk godkjenning. I tillegg må Helfo godkjenne planane.

Fleire ville vite kva ein slik rusbehandlingsinstitusjon vil kunne medføre av uønska rusing i lokalmiljøet og eventuell utagerande atferd. At fleire rusbehandlingssenter i Norge har slitt med rusmisbruk på sjølve institusjonen er ei kjent sak.

– Tett program

Olaf Olsvik forsikra overfor politikarane at institusjonsdrifta ikkje ville medføre ”bråk”.

– Me har tilsette på jobb døgnet rundt. Dersom nokre rusar seg på institusjonen blir dei utskriven med ein gong. Rusing blir ikkje akseptert og det er noko me opplever sjeldan. Fleire av dei me tilset har sjølv vore rusmisbrukar. Dei merkar med ein gong om folk er rusa eller ikkje. På vår behandlingsinstitusjon på Bolkesjø slit me ikkje med desse problema. Heller ikkje med utagerande atferd, opplyser Olsvik, som alt er godt kjent med at det i Sauda er eit rusmiljø og at Sauda har eit større rusproblem enn kva folketalet skulle tilseie.

Ifølge Olsvik er det tett program heile dagen for pasientane deira, også om kvelden. I helgene er det ein del på programmet, men ikkje like tett.

– Me behandlar etter Minnesotamodellen, også kjent som 12-trinnsmodellen. Etter denne modellen er det gjort målingar på at 42 prosent er rusfrie fem år etter behandlinga, opplyser han.

Fem pluss fem år

Det er i dag to alternativ Mestringshusene vurderer på Vestlandet: Sauda og Tysnes.

– Me har sett på andre alternativ, men sit att med desse to alternativa. Dersom me ikkje er ønska i Sauda av innbyggarane og politikarane, ønsker me ikkje å kjempe for det. Da velger me Tysnes, opplyser Olsvik.

Dersom det blir Sauda ønsker Mestringshusene ein leigeavtale på fem år med Sauda Fjordhotell. I tillegg ser dei for seg ein opsjonsavtale på fem år til.

Sauda Fjordhotell har eit etterslep på vedlikehald. Fleire ulike drivarar av hotellet har opp gjennom åra slitt med økonomien. Dette har igjen ført til at det har blitt lite pengar til vedlikehald av bygget.

Rådmann Rune Kloster Tvedt lurte på korleis Mestringshusene stilte seg til denne problemstillinga.

– Me har brukt 15 000 kroner på ein tilstandsrapport av bygget. Det elektriske har me ikkje fått rapport på ennå. Men med eit par millionar kroner meiner me at me får gjort det viktigaste. Bygget må skrapast og målast utvendig. I tillegg må pipa isolerast, opplyser Olsvik.

Todelt problemstilling

I Tysnes står eit ganske nytt eldresenter tomt. Tysnes kommune er derfor svært interessert i å fylle dette bygge med aktivitet, som alt er regulert til institusjonsbruk.

I Sauda er det ei todelt problemstilling. Sauda kommune er svært interessert i ein arbeidsplass med godt over 30 stillingar. Ulempen er at denne arbeidsplassen vil redusere talet på hotellsenger i Sauda. I periodar er det eit stort behov for desse hotellsengene. For å nå målet om å bygge opp Sauda som reisemålsdestinasjon ser ein for seg eit aukande behov for hotellsenger.

Men samtidig har Sauda Fjordhotell vore ærlege på at dei slit med å skaffe nok hotellgjester gjennom heile året til at hotelldrifta blir bærekraftig økonomisk. For å sikre drifta av hotellet, og samtidig skaffe inntekter til nødvendig restaurering av hotellet, vurderer derfor hotelldrivarane om det er eit betre alternativ for dei å inngå avtale med Mestringshusene og gjere om hotellet til ein rusbehandlingsinstitusjon ein del år framover.

Dette er driftskonseptet

Mestringshusene er ein privat aktør som tilbyr rusbehandling og som er godkjent for tverrfagleg spesialisert rusbehandling og samtidige psykiske lidingar (ROP).

Pasientar frå heile landet kan søke seg til Mestringshusene gjennom Fritt Behandlingsval. For kvar pasient betaler Helfo ein fast takst til rusbehandlingsinstitusjonen. Rusbehandlingsinstitusjonen må stille med fagkompetansen etter krava til Helfo. Ut frå dette reknestykket er det opp til den private rusbehandlingsinstitusjonen å sørge for at økonomien går rundt.

2017 og 2018 i minus

Mestringshusene starta opp som dagens driftskonsept i februar i fjor. Året før dreiv dei eit poliklinisk tilbod, noko som gav eit driftsunderskot. Omsettinga i 2017 var på tre millionar kroner. Driftsresultatet blei minus 700 000 kroner og eigenkapitalen var tapt.

– Regnskapstala for 2017 gir på ingen måte eit bilde av drifta vår i dag, opplyser dagleg leiar Eivind Harald Kjerstad.

Regnskapstala for 2018 er ikkje klare og heller ikkje tilgjengeleg for media, men Kjerstad har følgande informasjon å gi om den økonomiske situasjonen til Mestringshusene:

– Etter oppstarten i februar brukte me naturligvis litt tid på å bygge oss opp slik at me fekk rekruttert fagpersonalet og fylt opp behandlingsplassane våre. Dette gjekk fortare enn kva me hadde trudd og me fekk heldigvis raskt eit godt renomé. I tillegg har me i oppstarten hatt ein del investeringar. Dette gjeld særleg innan oppgradering av bygget på Bolkesjø, implementering av kvalitetssystemer og IT. Me må ha gode kvalitetssystem og sikre IT-løysningar som tilfredsstiller krava i helsesektoren, opplyser Eivind Harald Kjerstad.

Sjølv om regnskapet ikkje er klart, vil det også vere eit underskot i 2018. Men ifølge Kjerstad gjekk drifta i balanse frå hausten av.

– I pluss nå

– Nå, etter nyttår, går drifta i pluss kvar månad, seier Kjerstad.

Han antar at dei i 2019 vil ha eit driftsresultat på mellom 2 og 4 prosent i pluss.

– Det er ikkje enkelt å gå i pluss innanfor det me driv med, men målet vårt er heller ikkje å tene gode pengar på dette. Me driv med rusbehandling og målet vårt er at folk skal bli rusfrie. Men drifta må sjølvsagt gå rundt. Me har god likviditet i driftsselskapet, opplyser Kjerstad.

Han legg til at dersom det endar opp med at Mestringshusene vil etablere rusbehandling i Sauda, vil dei utfordre kommunen på eit beløp til økonomisk støtte.

– Me vil bidra med omtrent 35 arbeidsplassar i Sauda og dette vil ha ein verdi for Sauda, som me håpar kommunen verdset, seier Eivind Harald Kjerstad.

Mestringshusene er eigd av MLO Invest AS (61,69 prosent), Scandia Healthcare AS (33,33 prosent) og Sinnro Invest AS (5 prosent). Største eigar MLO Invest er André Olsvik, som er sonen til Olaf Olsvik. Scandia Healthcare er eigd av Hospitality Invest, som er eit stort privat investeringsselskap.

Treng spesialistar

Mestringshusene ønsker 30 behandlingsplassar ved Sauda Fjordhotell. Olaf Olsvik har skissert 33 stillingar. Dagleg leiar Eivind Harald Kjerstad har skissert 35 stillingar.
– Alle tala under er ikkje eksakte, presiserer Eivind Harald Kjerstad.

9 sjukepleiarar

3 psykologspesialistar

1 psykolog

1,8 legestillingar

1 psykiater

8 miljøarbeidarar

7 rusterapeutar

1 dagleg leiar

1,5 stilling på kjøkken

I tillegg vil det vere behov for vaktmeisterteneste, reingjering etc.