Sivilforsvaret i Sauda øvde onsdag og torsdag på korleis dei skulle gjere tilfluktsrommet i Saudahallen operativt. Kvartermeister Ole Magnus Søndenå passar døra. Foto: Frank Waal.
Sivilforsvaret i Sauda øvde onsdag og torsdag på korleis dei skulle gjere tilfluktsrommet i Saudahallen operativt. Kvartermeister Ole Magnus Søndenå passar døra. Foto: Frank Waal.

Tar ”bomberomma” i bruk igjen

For første gang på fleire tiår blei det i forrige veke øvd på bruk av tilfluktsrom i Sauda.

I Sauda er det 29 tilfluktsrom, ifølge ei oversikt Sauda kommune har frå 2013. Dei aller fleste av desse tilfluktsromma er private.

Det største kommunale tilfluktsrommet ligg i Saudahallen. Det har ein kapasitet på 600 personar. Onsdag og torsdag var mannskap frå Sivilforsvaret i dette tilfluktsrommet og heldt øving.

– Det er i overraskande god stand. Huseigaren har gjort ein god jobb med å vedlikehalde det, seier sivilforsvarsadjutant Hugo Bergsaker, som saman med kollega Arne Bratlien hadde tatt turen til Sauda for å organisere øvinga.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har bestemt at det skal bli større fokus på å beskytte sivilbefolkninga i Norge. Etter den kalde krigen har det å beskytte vore eit svært nedprioritert kapittel. Men dei siste åra har forholdet mellom Russland og dei vestlege landa blitt meir anstrengt. Derfor har Sivilforsvaret fått meir ansvar. Nå blir det gjort ein gjennomgang av landets tilfluktsrom og mannskap frå Sivilforsvaret får opplæring i å bruke tilfluktsrommet.

– Det har ikkje blitt halde øvingar i tilfluktsrom på over 30 år. Tilstanden til mange tilfluktsrom er svært dårleg. Men i Saudahallen blei me positivt overraska, seier Hugo Bergsaker.

80 cm. tjukke veggar

For eit tilfluktsrom er meir enn tjukke vegger og tunge dører.

– Tilfluktsrommet i Saudahallen er gass- og splintsikkert. Det har 80 centimeter tjukke betongveggar og tak med armert stål. Dersom heile Saudahallen hadde rast saman er det ikkje sikkert dei som er i tilfluktsrommet hadde fått det med seg, seier sivilforsvarsadjutant Arne Bratlien.

Inne i tilfluktsrommet er det eit eige krigsventilasjonsanlegg. Dette anlegget kan rense lufta for gass. I tillegg er det trykksikkert og det har eit eige aggregat som produserer straum. Heile tilfluktsrommet kan derfor halde høgare trykk enn det som befinn seg på utsida av rommet, slik at det ikkje siv inn gass og røyk.

– Tilfluktsrommet i Saudahallen fungerer. Anlegget virker og det klarer å skape overtrykk, konstaterer Bratlien.

For å bemanne eit så stort tilfluktsrom som det i Saudahallen trengs det 14 personar, dersom 600 personar skal inn. Ein stor del av denne jobben består i å organisere dei 600 personane. For det er begrensa plass når eit bomberom skal fyllast opp. Kvar person har 0,6 kvadratmeter til disposisjon på gulvet. På kort tid vil det bli svært varmt og luftkvaliteten vil bli dårleg. At det er mannskap som er lært opp til å operere ventilasjonsanlegget er da viktig.  I tillegg må eventuelle skadde bli tatt vare på i eit eige sanitetsrom.

Pliktig teneste

Sivilforsvaret i Norge er ei teneste der ein er pliktig å tenestegjere dersom ein blir beordra. Dette er ikkje basert på frivilligheit. Tenestetida er fram til ein fyller 55 år. Sivilforsvaret i Sauda består av cirka 25 personar. Halvparten av desse er kvinner. Nasjonalt er målsettinga at minst 30 prosent av Sivilforsvaret skal vere kvinner.

Sivilforsvaret har eigne uniformar, utstyr og kjøretøy. I tillegg til å halde ei til to øvingar i året, som for eksempel under øvinga i tilfluktsrommet, blir dei også kalla ut dersom det er større hendingar der det trengs mykje mannskap. Dette kan vere under leiteaksjonar eller ved skogbrannar, som for eksempel under skogbrannen på Austarheim i fjor. Da Øyra Bakeri stod i brann i Sauda sentrum blei Siviforsvaret i Sauda kalla ut. Det same skjedde under Sleipner-ulukka. Da var mannskapet i Sauda med på å gå strandsøk.

Leiar for Sivilforsvaret i Sauda er Knut Atle Seim.

– Me er ei fredsinnsatsgruppe som er ein forsterkningsressurs til nødetatane, opplyser Knut Atle Seim.

Tilfluktsrom i Sauda

I 2013 var det registrert 29 tilfluktsrom i Sauda

Dei aller fleste er private. Kløver Hotel har for eksempel tilfluktsrom i kjellaren.

Sauda kommune har i dag fem aktive tilfluktsrom:

Saudahallen 600 plassar

Sauda helsesenter 182 plassar

Austarheim skule 150 plassar

Sauda sjukeheim 40 plassar

Saudasjøen kapell 29 plassar