Den to meter høge nederlendaren ser opp til nordmenns familiefokus. I dag har han budd over elleve år i Sauda, og kan ikkje tenka seg eit betre liv.

Vekas portrett: Mister Sander

Den to meter høge nederlendaren ser opp til nordmenns familiefokus. I dag har han budd over elleve år i Sauda, og kan ikkje tenka seg eit betre liv.

av Knut Atle Seim

PORTRETTET

Namn: Sander Stielstra.

Alder: 43 år.

Yrke: Driftsleiar ved Sauda vidaregåande skule.

Favorittmat: Spareribs. Med bakte poteter til.

Ungdomsidol: Den nederlandske skeiseløparen Hein Vergeer og den kanadiske skeiseløparen Eric Flaim.

Favorittpolitikar: Eg har ingen. Eg er ikkje veldig opptatt av politikk.

Fjord eller fjell: Ikkje så veldig vanskeleg å svara på. Om vinteren er eg mykje i alpinbakkane og heile våren handlar det om Hovlandsnuten. Så heilt klart fjell!

Livsmotto: Du skal behandla folk på same måte som du sjølv har lyst til å bli behandla.

To ting du ikkje klarer deg utan: Kona mi og ungane. Elles klarer eg meg utan alt. Eg reiste frå alt i Nederland og tok bare med meg det viktigaste: Kona og ungane.

Kva lag/foreining ville du gitt 100 000 kroner til: Kreftforeininga. Kreft er ein sjukdom som rammar alle familiar.

Den to meter høge nederlendaren ser opp til nordmenns familiefokus. I dag har han budd over elleve år i Sauda, og kan ikkje tenka seg eit betre liv.