– Tidlegare i denne veka bestemte me oss for at me går for å bruka den gamle traseen. Entreprenøren er velvillig og legg til rette for at deltakarane kan gå i traseen langs anleggsområdet, seier Per Inge Fjellheim, primus motor for Hovlandsnuten Opp.
I vinter starta Sunnhordland kraftlag opp anleggsarbeidet i samband med ei kraftutbygging i Risvollelva. Anleggsarbeidet føregår i traseen til motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp, i området mellom Fosstveit og Eventyrskogen. Sjølv om det nå blir jobba med ein permanent ny turveg mellom Fosstveit og Brekkestølsbråtet, vil ein ikkje greia å ha denne klar før motbakkeløpet i morgon. Derfor går morgondagens løp i den gamle traseen.
Rekordhaldarane kjem
Årets Hovlandsnuten Opp er det første av i alt fem motbakkeløp i Norgescupen. Det gjer at ein stor del av den norske ”motbakkeliten” kjem til Sauda for å kjempa i bakkane opp til 931 meter over havet-høge Hovlandsnuten i morgon. Per Inge Fjellheim er spesielt glad for at begge løyperekordhaldarane er påmeldt og klare til dyst.
I herreklassen er det eigersundbuen Torstein Tengsareid som har rekorden med 41 minutt og 47 sekund, sett i 2016. Karoline Holsen Kyte har rekorden i kvinneklassen med tida 49.21, sett i 2017.
Snøen er borte
Ifølge Fjellheim bør forholda ligga godt til rette for nye rekordar.
– Me har fått lagt på pukk og duk enkelte stader der det har vore vått og tungt før. Og all snøen, iallfall den på nedsida av nuten er borte, seier han.
I tillegg er vêrvarslingane for laurdag ganske så bra. I går, torsdag, låg det an til lettskya og sol – og temperaturar mellom 16 og 21 grader på løpsdagen. Kanskje kan det komma regn utpå ettermiddagen.
Testløp torsdag
Per Inge Fjellheim minner om at den gamle traseen, som skal brukast under motbakkeløpet i morgon, ikkje vil vera klar til bruk før i morgon, laurdag. Det gjer at ingen får testa seg i bakkane mellom Fosstveit, via Eventyrskogen og opp til Brekkestølsbråtet før løpet. Men, entreprenøren og Hovlandsnuten Opp-arrangørane var einige om at det kunne kjørast eit testløp torsdag ettermiddag. Dette er eit løp der arrangøren testar tidtakarutstyret sitt.
– Traseen var då open for desse testløparane i ti-femten minutt, forklarer Fjellheim.
Årets kjendisløpar er langrennsløparen Astrid Uhrenholdt Jacobsen, som kan visa til fleire VM- og OL-medaljar.
Hovlandsnuten Opp i ikkje bare ein blodslit-konkurranse for dei som spring opp på tid. Løpet har også ein sherpa-klasse, der deltakarane skal bera med seg ein sekk på 20 kilo opp på kortast muleg tid. Her har Marthe Kristoffersen rekorden i kvinneklassen med tida 1.26.36, medan Sondre Handeland har herrerekorden på 1.07.19. Begge desse rekordane blei sett i fjor.
I tillegg har løpet ein trimklasse for normale folk. Som regel er det fleire hundre deltakarar i trimklassen. Barnas Turlag arrangerer også tur opp til Hovlandsstølen for dei minste.
Neste løp i Norgescupen er Mefjellet Opp 22. juni. Dette løpet er også norgesmeisterskap i motbakkeløp.