Formannskapet vil ha inn nye hyttefelt i Sauda nå. Asle Rafdal (frå venstre), Asbjørn Birkeland og Dagfinn Birkeland er samstemte i at dei ikkje aksepterer mange av innsigelsane til fylkesmannen. Foto: Frank Waal.
Formannskapet vil ha inn nye hyttefelt i Sauda nå. Asle Rafdal (frå venstre), Asbjørn Birkeland og Dagfinn Birkeland er samstemte i at dei ikkje aksepterer mange av innsigelsane til fylkesmannen. Foto: Frank Waal.

Saudapolitikarane tar kampen

Saudapolitikarane tar kommuneplan-kampen mot fylkesmannen og får delvis støtte frå fylkespolitikarane.

Onsdag var første politiske behandling av kommuneplanen, etter at den har vore ute på høyring. På bordet låg ein haug med innsigelsar frå fylkesmannen og fylkesrådmannen, der det har blitt protestert mot alle nye hyttefelt, nye bustadfelt og ein god del nytt næringsareal.

Rådmannen i Sauda foreslo i si innstilling til formannskapet at innsigelsane i all hovudsak blir tatt til følge og at det blir laga ein eigen kommuneplan for fritidsbustader og friluftsliv. Det vil i såfall seie at ingen nye hyttefelt blir lagt inn i denne omgang.

Dette ville ikkje formannskapet bli med på. Formannskapet vedtok at dei ønsker å gå i dialog med fylkesmannen for å få tatt inn følgande bustadfelt: Nestjødnane, Lillebekk, Løypesmyrane/Tjelmenvegen og Hovland/Eikeåsen.

I tillegg ønsker formannskapet følgande nye hyttefelt i kommuneplanen: Svandal, Lindvollåsen, Skeivadn, Risvollia, Slettedalen, Honganvik, Åbødalen, Herheimsdalen, Molla, Maldal og Storaheiå.

Av næringsareal dei ønsker å gå til kamp på er areala på Søndenå og Saudasjøen.

Delvis fylkesstøtte

Politikarane i Sauda fekk måndag ettermiddag delvis støtte frå fylkespolitikarane, som hadde fått utsett frist til å kome med sin høyringsuttale til kommuneplanen til Sauda. Fylkespolitikarane meinte at Sauda kunne etablere nytt bustadfelt på Nestjødnane og Lillebekk. Når det gjeld feltet Hovland/Eikeåsen delte fylkesutvalet seg i to og vedtok innsigelse med åtte mot sju stemmer. Det nye bustadfeltet Løypesmyrane/Tjelmenvegen blei klart stemt ned.

Fylkespolitikarane støtta også næringsareala Søndenå og Saudasjøen.

Når det gjeld nye hyttefelt vedtok fylkespolitikarane innsigelse mot alle nye hyttefelt, bortsett frå området øverst i Svandalen. Men denne innsigelsen har fylkesrådmannen presisert må bli sett på som utgangspunktet for ein diskusjon med Sauda kommune om kva nye hyttefelt som kommunen bør ta inn i planen, men at totalantalet hyttetomter som er lagt inn i planen per i dag er for høgt.

– Fantomtomter

Fleire av formannskapspolitikarane i Sauda understreka under møtet onsdag at kommuneplanen som kommunestyret vedtok sendt ut på høyring, har alvorlege manglar når det gjeld oversikta over kor mange ledige hyttetomter det er i Sauda. I oversikta kommuneadministrasjonen har utarbeidd blir det opplyst at det er 600 ledige hyttetomter.

– Me sit med eit enormt handikap når det gjeld kva som er det realistiske talet på ledige tomter til hytter og bustader som er oppgitt i kommuneplanen. Det er hundrevis av fantomtomter til fritidsbustader. Me har skote oss sjølv i foten, meinte Dagfinn Birkeland (H).

Asbjørn Birkeland (Sp) var einig og opplyste at han hadde talt opp kva som er realistisk ledige tomter i dalføra Nordstøldalen og Herheimsdalen.

– I bare desse to dalane er det tilsaman ført opp over 130 ledige hyttetomter som ikkje er realistisk vil bli regulert som hyttetomter. Av dei 600 ledige tomtene som er oppgitt i kommuneplanen kan ein derfor trekke frå over 130 bare i to av dalane. Den same problemstillinga gjeld i andre dalføre. I Maldal er det lagt inn fellesareal som hyttetomter, som eg trur grunneigarane ikkje er interessert i å bygge ut. Me må gjere noko med desse tala før me går til mekling med fylkesmannen, meinte Asbjørn Birkeland.

Trur på meir utbygging

Det er det høge talet på ledige hyttetomter Sauda kommune har oppgitt i kommuneplanen som er grunnen til at fylkesmannen og fylkeskommunen har sett seg på bakbeina. Dei meiner Sauda ikkje har behov for fleire ledige hyttetomter. Kommuneadministrasjonen har lagt til grunn ein utbyggingsfrekvens på 14 hytter i året i Sauda, basert på snittet av hyttebygginga i Sauda dei siste fem åra.

Dette meiner Ivar Johannes Handeland er misvisande.

– I dei siste fem åra har det blitt bygd lite nye hytter i Sauda. Ser du på dei siste 20 åra har det blitt bygd cirka 1000 nye hytter i Sauda. Det gir eit snitt på 50 bygde hytter i året, og det er dette talet me bør legge til grunn. Det er realistisk, sa Handeland.

Maksgrense i Svandal

Både fylkesmannen og fylkespolitikarane går imot at hyttene i Svandalen ikkje har eit maksareal. Formannskapet bad rådmannen gå i dialog med fylkesmannen om å sette ei maksgrense på hyttene i Svandal, men at denne maksgrensa må vere høgare enn den generelle maksgrensa på 130 kvadratmeter for hytter i Sauda.

Fylkesmannen hadde også innsigelse på 60 kvadratmeter store garasjar. Formannskapet meinte at dei kunne bli med på ein reduksjon ned til 50 kvadratmeter.

Politikarane vil gå til kamp på makshøgdene fylkesmannen ønsker på hyttene. Politikarane har ønska ein maksimal mønehøgde på seks meter. Fylkesmannen vil ha dette ned til fem meter.

– Eg har rekna på forslaget til fylkesmannen. Skal du følge dei begrensningane vil du få nokre ”løgne” hytter. Dei vil bli lange og smale og sjå ut som løer. Det er ingen som vil bygge slike hytter, meinte Ivar Johannes Handeland (Sp), som har bakgrunn som snikkar og takstmann.

Dagfinn Birkeland uttrykte i tillegg bekymring over at Sauda ikkje skal få avsett næringareal i fjorden til oppdrett i lukka anlegg. Dette forslaget har blitt møtt med innsigelse frå fylkesmannen, siden Saudafjorden er klassifisert som ein laksefjord og gyteområde for torsk.

Oppretta meklingsutval

Dersom ikkje kommuneadministrasjonen oppnår ei einigheit med fylkesmannen som saudapolitikarane er fornøgd med, vil det bli ein meklingsrunde med fylkesmannen. Onsdag oppnevnde formannskapet følgande meklingsutval: Asbjørn Birkeland (Sp), Sigrid Bojesen Fatnes (Sp), Kristian Landro (KrF) og Dagfinn Birkeland (H).