Heile studielivet til Margoth Sundsbø blei lagt opp etter jakta på det fascinerande B-vitaminet. I dag får ho det i sprøyteform.

Vekas portrett: Margoths mysterium

Heile studielivet til Margoth Sundsbø blei lagt opp etter jakta på det fascinerande B-vitaminet. I dag får ho det i sprøyteform.

av Knut Atle Seim

PORTRETTET:

Namn: Margoth Sundsbø.

Alder: 64 år.

Yrke: Leiar for Sommarskulen i Rogaland.

Favorittmat: All mat til si tid på året. Eg er veldig glad i pinnekjøt, spesielt det frå Ryfylke Mat. Elles liker eg fisk, som brosme og lange. Og mine eigne heimelaga fiskekaker.

Best på TV: Akkurat nå har eg sett serien Serengeti. Den var fantastisk flott. Vanlegvis er ikkje seriar noko for meg, for då må ein følga med over tid. Elles liker eg nyheiter og sport, helst langrenn.

Ungdomsidol: David Jones i The Monkees. Han var eg heilt på tuppa etter. Eg og venninna mi skreiv fanbrev til han, men fekk aldri svar. Og så var jo Herman´s Hermis store for meg.

Favorittpolitikar: Eg er imponert over ordførar Asbjørn Birkeland, den unge mannen, som er på alder med den eine dottera mi. Han er ein god Sauda-ambassadør. Internasjonalt var Nelson Mandela ein stor politikar.

Fjord eller fjell: Eg vaks opp i fjæresteinane, men er nok mest glad i fjellet. Fjella og dalane i Sauda var ein del av grunnane til at me busette oss her.

Livsmotto: Livet består av det ein tenker på heile dagen. Eller: Å venta på ei glede, er også ei glede.

To ting du ikkje klarer deg utan: Eg er avhengig av trening. Og dessverre er eg blitt altfor avhengig av mobilen. Ikkje alltid for å bruka den, men den tel skritta mine!

Kva lag/foreining ville du gitt 100 000 kroner til: Til den lokale Sauda og omegn zontaklubb. Då vil pengane gå til utdannings- og hjelpearbeid retta mot kvinner og barn. Det er viktig for meg.

Heile studielivet til Margoth Sundsbø blei lagt opp etter jakta på det fascinerande B-vitaminet. I dag får ho det i sprøyteform.