Kristiane Teig vann den nyoppretta jenteklassa for 13-14-åringar i Ølmedal Rundt andre pinsedag. Alle foto: Knut Atle M. Seim.
Kristiane Teig vann den nyoppretta jenteklassa for 13-14-åringar i Ølmedal Rundt andre pinsedag. Alle foto: Knut Atle M. Seim.

Kristiane Teig til topps i Ølmedal

Vann J13-14-klassen. Atle Mehus var raskast av saudabuane.

Trass i at mange av dei hadde slite seg opp til Hovlandsnuten laurdag, stilte saudabuane mannsterke i Imsland då det tradisjonsrike mosjonsløpet Ølmedal Rundt gjekk av stabelen andre pinsedag. Løpet har for vane å trekka til seg kjende idrettsutøvarar, og dette året stilte vinterens nybakte verdsmeister i langrenn, Sjur Røthe frå Voss på startstreken for å bryna seg mot den lokale løpseliten – og ikkje minst – bestetidene til tidlegare langrennskollegaer som Petter Northug og Oddbjørn Hjelmeseth.

Mehus på åttande

Ølmedal Rundt-løypa er lagt til vegen rundt Ølmedalsvatnet og er om lag 6,7 kilometer lang og relativt flat, men med eit par lange, om enn ikkje så bratte motbakkar. Rekorden tilhøyrer HIL-løpar Urige Buta og blei sett i 2011.

Rundt 130 løparar stilte til start i konkurranseklassane. Vikedølen Ragnar Stølsmark, som spring for stavangerklubben GTI, var rekna som ein av førehandsfavorittane, men blei tatt litt på senga av Henning Mæhle frå Bjørheimsbygd og Sportsklubben Vidar, som sprang sitt første Ølmedal rundt.

– Eg tenkte at dette var ein som heldt nokre hundre meter, innrømma Stølsmark etter løpet, før han forstod at Mæhle hadde skumle hensikter med sitt startrykk. Då var det imidlertid for seint.

– Han hadde nok vunne uansett, opplyste Stølsmark til speaker Tor Øyvind Skeiseid då han blei intervjua på sigerspallen.

Vinnaren var drygt to og eit halvt minutt raskare enn beste saudabu for dagen, Atle Mehus, som spurtslo Øyvind Røgenes frå Suldal IL i kampen om åttandeplassen.

På startstreken blant dei aktive stilte for øvrig også Norleiv Austerheim frå Sauda IL, fødd i 1936 og med det feltets desidert eldste.

Sterke juniorar

Det var juniorane som måtte sikra pallplassane for Sauda denne gongen. For løpsdebutant Kristiane Teig gjekk det så bra som det kunne. Med tida 31,07 sprang den unge saudaløparen i mål til siger i 13-14-årsklassen for jenter, 16 sekund foran næraste konkurrent.

Også løpstalentet Torben Djuv Søfting (11) gjorde eit solid løp rundt Ølmedalsvatnet og blei klokka inn på 26,32, noko som heldt til andreplass i 13-14-årsklassen for gutar. Lagkamerat Olav Dybing Bakka sprang inn til tredjeplass.

Slo Northug

Skiverdsmeister Sjur Røthe fekk for det meste springa i einsam majestet på tredjeplass, og spørsmålet var då korleis kampen mot klokka og gamle heltar ville enda. Med sluttresultatet 21,57 kunne vossingen stadfesta at han kom til å varsla Petter Northug utpå ettermiddagen for å fortella at sistnemnde si bestetid på 22,08 i Ølmedal Rundt var slått.

– Men Oddbjørn Hjelmeseth, som har 22,00, trur eg skal få fred, for då sender han sikker sonen hit for å slå meg neste år, skjemta Røthe etter løpet.

Utanom dei 130 aktive stilte 417 trimmarar og 80 ungar sprang barneløpet, opplyser arrangøren Vindafjord Idrettslag.

– Eg skal aldri tapa ein spurt, forklarte Atle Mehus etter å ha vist friske takter då han  passerte Øyvind Røgenes frå Suldal IL i bakken opp mot målportalen. Foto: Knut Atle M. Seim.

Elleve år gamle Torben Djuv Søfting brukte bare 26 minutt og 32 sekund på den 6,7 kilometer lange løypa rundt Ølmedalsvatnet. Foto: Knut Atle M. Seim.

Resultater: