Saman med sin masterpartnar Fay Høyfjell, blei saudakvinna Tine Tungland dette året kåra til vinnar av den gjeve Argentumprisen for si masteroppgåve om aktive eigarfond, såkalla private equity (PE).

Tine Tungland (25) avslutta i vår ei seks år lang økonomiutdanning og krona det heile med å vinna pris for masteroppgåva si. Til hausten ventar jobb i Oslo i EY, som er eitt av Norges største revisjons- og rådgivingsselskap. Foto: Privat,

− Utruleg stas å vinna prisen

Saman med sin masterpartnar Fay Høyfjell, blei saudakvinna Tine Tungland dette året kåra til vinnar av den gjeve Argentumprisen for si masteroppgåve om aktive eigarfond, såkalla private equity (PE).

av Knut Atle Seim

− I fjor var det tre svenskar frå Stockholm School of Economics som vann, så det var kjekt å ta prisen heim til Norge i år, seier Tungland.

Prisen, som er på 20 000 kroner, blir delt ut kvart år til den beste masteroppgåva innan private equity i Norden. Prisen er sett opp av Argentum som er statens fond for private eigarfond, eller private equity. Masteroppgåveprisen skal oppmuntra studentar til å gå i djupna på dette fagområdet. For å vinna prisen, må oppgåva vera av høg akademisk kvalitet og vera aktuell og relevant for bransjen.

To mastergradar

25 år gamle Tungland avrunda nyleg ei seks år lang økonomiutdanning ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen. Undervegs har ho hatt tre utanlandsopphald; eitt i England, eitt i USA og no til sist, ved University of Sydney i Australia. Studiane har gitt henne to mastergradar, ein frå NHH med spesialisering i finans og ein i internasjonal leiing frå Community of European Management Schools, CEMS.

− Kva slags jobbar kan ein typisk få med ei slik utdanning?

− Som siviløkonom har ein ei brei og allsidig utdanning med mange mulege karrierevegar i næringslivet. Studievennene mine har for eksempel fått jobbar som revisor, konsulent, forretningsutviklar, marknadsførar og analytikar. Ei generelt sterk forståeing innan økonomi og administrasjon gjer at ein og er godt rusta til å starta si eiga bedrift, og mange blir òg leiarar i løpet av si yrkeskarriere.

Oslo neste

Mange studentar går spennande og uvisse tider i møte når utdanninga nærmar seg fullført og ein skal ut på jakt etter jobb. Det slapp Tine Tungland.

− Eg sikra meg jobb eitt år før eg var ferdigutdanna. Til hausten ber det til Oslo der eg skal jobba som transaksjonsrådgivar for EY, tidlegare kjent som Ernst & Young.

­− Kva inneber det?

− Då kjem eg til å arbeida med å hjelpa norske og internasjonale bedrifter med avgjerder som gjeld samanslåingar og oppkjøp, børsnoteringar, restruktureringar og slike ting.

− Kvifor EY?

− Det er eitt av dei leiande revisjons- og rådgivingsselskapa i landet, med 1 800 tilsette i Norge og totalt 260 000 tilsette i meir enn 150 land. Dei har eit sterkt fokus på å utvikla dei tilsette gjennom opplæring, kursing og oppfølging. Eg trur EY vil gi meg ei god start på karriera.

Før ho reiser over fjellet for å ta fatt som rådgivar, er det imidlertid heilt andre ting enn finans som står på timeplanen.

− Nå gler eg meg til ein lang og god ferie i Sauda saman med familie og venner og avslappande dagar på hytta på Tjelmen, slår ho fast.

Kva skreiv dei om?

Masteroppgåva nytta norske rekneskapsdata til å undersøka førekomsten av REM, real earnings management. Det kan forklarast avgjerder som på kort sikt kan kan få rekneskapstala til å sjå attraktive ut (høgare lønsemd, høgare inntektsvekst), men som er på lang sikt er dårlege for selskapet.

Hypotesa deira gjekk ut på at ikkje-børsnoterte selskap som ikkje er eigd av aktive eigarfond (PE-fond) har fleire kortsiktige beslutningar, REM, en kva tilfellet er i ikkje-børsnoterte selskap eigd av PE-fond.

Undersøkingane gav funn som stadfesta hypotesen, noko som viser at private equity-fond har ein disiplinerande effekt.

− Dette var eit positivt aspekt ved private equity-bransjen som tidlegare ikkje har vore undersøkt, og me peikar på høgare grad av overvåking, kunnskap om langsiktige konsekvensar av REM og omdømme som mulege forklaringar, forklarer Tine Tungland.