Line Rødland var millimeter frå sigeren i juniorklassen i Saudastevnet. Éin niar på omgangen, dei siste ti skota, gjorde at ho måtte ta til takke med andreplass. Foto: Even Emberland.
Line Rødland var millimeter frå sigeren i juniorklassen i Saudastevnet. Éin niar på omgangen, dei siste ti skota, gjorde at ho måtte ta til takke med andreplass. Foto: Even Emberland.

Innartiar for Saudastevnet

Skyttarfamilien treftest på Lyngmyr for å måle presisjon og ferdigheiter. Blant dei var far og dotter Rødland. Sistnemnde var millimeter frå klassesigeren.

Årets utgåve av Saudastevnet trekte 119 deltakarar. Blant dei var den 17 år gamle juniorskyttaren Line Rødland og faren hennar Trond Inge Rødland. Førstnemnde er blant Norges beste juniorskyttarar, medan Trond Inge på fleire utgåver av Landsskytterstevnet aspirerer til ein plass i kongelaget.

– For meg er dette kjempekjekt. Me får reise rundt og treffe mange kjekke folk. Det er heile pakka som gjer det til ein veldig kjekk hobby, med det sosiale rundt sjølve skytinga, forklarer Trond Inge.

– Eg liker konkurranseelementet veldig godt. Det å skyte konkurransar triggar meg. Så er me jo stort sett heile kjernefamilien på tur. Det er som ein livsstil, seier Line, som er yngst i ein søskenflokk på tre, i tillegg til mor Camilla.

Alle fem er aktive skyttarar.

Høgt nivå

I Sauda skaut Trond Inge 341 poeng. Det gav femteplass i meisterskapsklassane. Olav Fuglestad (Time) vann Saudastevnet med 346 poeng. Line Rødland enda på 349 poeng i juniorklassen, kor ein niar på dei siste ti skota, omgangen, gjorde at ho måtte strekke våpen mot Ølen-skyttaren Erling jr Lien, som vann med 350 poeng og 23 innartiarar. Rødland hadde 26 innartiarar.

– Eg trur nesten det er første gong eg skyt ein niar på omgangen på to år. Det skal ikkje skje på liggande. Det irriterer meg litt akkurat nå, seier ho, like etter at ho har blitt vist sitt eige resultat.

– Eg er jo veldig fornøgd med skytinga totalt sett, men eg skulle gjerne ha vore utan den niaren, forklarer Rødland.

Best på Hjelmeland

Også for Trond Inge blei det stang ut i Sauda. Tidlegare på dagen prikka han 349 poeng og stemnesiger på Hjelmeland, kor også Line vann juniorklassen med 350 poeng. I Sauda var han igjen nær eit veldig godt resultat. Av dei ni niarane han skaut, var ingen dårlegare enn 9,7, som fortel at ingen av dei var langt unna å vere tipoengarar (10,0).

– Det er litt typisk. Eg har merka det tidlegare også. Når du skyt veldig godt i eitt stemne, så er det vanskeleg å gjere det like godt i neste stemne same dag. Det er litt stang ut, plutseleg bit det ikkje heilt, seier Trond Inge.

– Me seinka snittet i bilen her i Sauda. Me hadde jo bare éin niar totalt etter Hjelmeland, men nå fekk me ti til. Det var ikkje heilt bra, seier Line og ler, før dei set seg i bilen og tar fatt på turen heim til Jæren.

– Knakande bra

Kåre Kvaløy, leiar i Sauda Skytterlag, var fornøgd med gjennomføringa av årets utgåve av Saudastevnet. Han blei også beste saudaskyttar i meisterskapsklassane med sin tiandeplass.

Med 119 deltakarar var det 40 færre enn i fjor.

– Me kunne gjerne tenkt oss 40 deltakarar til. Breidda i regionen er godt representert, men i år mangla ein del av toppane, dei antatt beste. Det spelte nok også inn at det ikkje var noko stemne på Suldal i år, for då var det eitt mindre stemne å ta med seg for dei som reiste rundt. Sjølve arrangementet syntest eg gjekk prikkfritt. Alle stiller opp og tar i eit tak, og me er trygge på rollene. Eg synest det gjekk knakande bra, seier Kvaløy og smiler.

Knallresultat på Hjelmeland

Søndag var saudaskyttarane på Hjelmeland for å delta i Hjelmelandsstevnet, som gjekk både laurdag og søndag. På andreplass, bak Rødland som sette personleg rekord med 350 poeng og 31 innartiarar, klemte Jørgen Ljostveit til med 348 poeng og andreplass. Det er ny rekord for saudaskyttaren, og ein solid opptur etter at det ikkje stemte heilt på heimebane tidlegare i veka. Alle saudaskyttarane gjorde unna si skyting i Saudastevnet på onsdag, slik at dei laurdag kunne arrangere Saudastevnet.

Leiar i Sauda Skytterlag Kåre Kvaløy heldt kontroll på at alt gjekk slik det skulle på den eine standplassen. Sjølv skaut han tidlegare i veka, for å vere med og arrangere Saudastevnet på laurdag. Foto: Even Emberland.

Olav Fuglestad vann Saudastevnet med 346 poeng, i det som var varierande og tidvis krevjande vindforhold.

Foto: Ellen Ljostveit.

Saudastevnet 2019

Meisterskapsklassane, 3-5

  1. Olav Fuglestad Time 346 poeng
  2. Ole Kristian Winterstø Stavanger 344 poeng
  3. Heine Nes Stord 346 poeng
  4. Steinar Skorpa Stavanger 342 poeng
  5. Trond Inge Rødland Klepp 341 poeng
  6. Kåre Kvaløy Sauda 336 poeng
  7. Endre Åbø Hallingstad Sauda 334 poeng
  8. Terje Ljostveit Sauda 330 poeng
  9. Even Kvaløy Sauda 235 poeng (av 250 poeng)

Klasse V73

  1. Gunnar Håland Klepp 350 poeng
  2. Einar Kvaløy Sauda 336 poeng

Klasse Junior

  1. Erling jr Lien Ølen 350 poeng
  2. Line Rødland Klepp 349 poeng
  3. Sebastian K. Dahlberg Ølen 349 poeng
  4. Jørgen Ljostveit Sauda 342 poeng
  5. Maren Kvaløy Sauda 333 poeng

Klasse Eldre rekrutt

  1. Anders Løhaugen Ølen 350 poeng
  2. Erlend Ljostveit Sauda 341 poeng

Klasse Nybegynner Ung

Julian Hellerslien        Sauda  188 poeng

Vegard Drarvik            Sauda  211 poeng + 85 poeng på omgang

Til saman var det 119 deltakarar i Saudastevnet 2019.