Listetoppane til fylkestingsvalet i Rogaland tok turen til Sauda torsdag for å delta både på konferanse og politisk debatt. Målet om lokalutdanning var det stor einigheit om, men delte meiningar om kor djupt dei er villige til å grave i den fylkeskommunale pengesekken.
Listetoppane til fylkestingsvalet i Rogaland tok turen til Sauda torsdag for å delta både på konferanse og politisk debatt. Målet om lokalutdanning var det stor einigheit om, men delte meiningar om kor djupt dei er villige til å grave i den fylkeskommunale pengesekken. FOTO: Frank Waal

”Alle” ønsker lokal utdanning

180 konferansedeltakarar var unisont einige om at vaksne saudabuar skal få tilbod om utdanning i Sauda. Men så var det desse pengene, da.

Torsdag var 180 konferansedeltakarar samla i Sauda. Fylkespolitikarar, næringslivet og det offentlege var alle einige om at samfunnsutviklinga krev at arbeidstakarar treng meir kompetanse, og at denne utdanninga må skje lokalt. Det må kunne bli kombinert med familieforpliktelsar, nåverande jobb og fornuftige reiseavstandar. I tillegg må det vere eit økonomisk leveleg for arbeidstakaren.

Sauda vidaregåande skule og Strand vidaregåande skule gjennomfører eit pilotprosjekt, som har fått namnet ”MOR”, og som skal sørge for at innbyggarar i distriktskommunar får lokal kompetanseheving.

Fylkespolitikarane i Rogaland har løyvd pengar til pilotprosjektet, som på mange måtar er ei forlenging av tidlegare og liknande prosjekt Sauda vidaregåande skule har gått i bresjen for. Men for mange fylkespolitikarar sat desse pengane svært langt inne. Desse ueningheitene var det vanskeleg å snappe opp under konferansen og den påfølgande politiske debatten. ”Alle” var einige om at lokal utdanning og kompetanseheving er den nødvendige vegen å gå, dersom næringslivet skal få den nødvendige kompetansen til å møte framtida, og for at arbeidstakarar skal halde tritt med samfunnsutviklingas krav.

Manglar kompetanse

For store delar av næringslivet rapporterer om at dei slit med å få tak i arbeidstakarar som har fagkompetansen bedriften manglar. Samtidig er utdanningsnivået i befolkninga i Ryfylke-kommunane vesentleg lågare enn hos befolkninga i dei store byane. Kompetanseheving av eigne tilsette er derfor viktig, og denne kompetansehevinga må skje lokalt av praktiske årsakar. Det er her dei vidaregåande skulane kjem inn i bildet. Som utdanningsinstitusjonar kan dei legge til rette for lokal kompetanseheving, i samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar og i samarbeid med næringslivet.

– Det går bra i Norge, men me står overfor eit vegskille. Det gjeld arbeidslivets behov. Seks av ti bedrifter opplyser at dei manglar viktig kompetanse, opplyste statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Kunnskapsdepartementet.

Statssekretæren applaudere derfor MOR-konseptet og at kompetanseheving kan skje lokalt.

– Utdanningssystemet vårt er tilpassa dei unge som tar utdanning. Det er ikkje tilpassa oppdatering av kompetanse. Me må lage utdanningstilbod i samarbeid med næringslivet, var beskjeden frå Kunnskapsdepartementets utsending til Sauda.

Så da er alt klappet og klart? Eh, nei!

– Me høyrde kva statssekretæren sa. Eg reknar med at det følger pengar med, da, gjenntok Høgres fylkesordførarkandidat Ole Ueland.

Ueland er einig om at dette er bra, men han synest det er mykje anna bra i Rogaland også som han kan tenke seg å bruke dei fylkeskommunale pengane på. Og at ”mykje anna” svært ofte ligg nærare dei store byane, er inga hemmelegheit. Det er der skoen trykker. Det er nokon som må betale for eit lokalt utdanningstilbod og det er alltid fleire gode prosjekt å bruke pengar på, enn kva det er pengar til. Dette gjeld i alle offentlege budsjett som politikarane skal sy samen.

Midler til regional utvikling er eit anna område der fylkeskommunen slit med å sette inn dei nødvendige stimuleringstiltaka som er ønska.

– Det er kutta i midla til regional utvikling. Regjeringa må gi oss midlar til regional utvikling, sa Arbeidarpartiets fylkesordførarkandidat Marianne Chesak.

Roser Sauda

Men sjølv om fylkespolitikarane slit med å love bort for pengar til utdanning i distriktet, sjølv om all fakta viser at næringslivet har behov for det og at mange av innbyggarane i Ryfylke er motiverte for det, var dei fleste einige om at pilotprosjektet ”MOR” ved dei vidaregåande skulane i Sauda og Strand var vegen å gå.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal drista seg til følgande beskjed til dei 180 frammøtte på konferansen:

– Det er typisk Sauda å få det til.

Fylkesordføraren kunne under saudabesøket også opplyse om at det er brei politisk einigheit om å støtte opp om YSK-linja ved Sauda vidaregåande skule også i fortsettinga.

– Ikkje godt nok hurtigbåttilbod

Da ein vidaregåande skuleelev lurte på kva fylkespolitikarane meinte om kollektivtilbodet mellom Sauda og Suldal, var alle einige om at det ikkje var godt nok. Men ingen lova bedring.

Torsdag kveld stilte fylkestoppane til dei politiske partia opp til politisk debatt i Folkets Hus. Ein skuleelev blant dei 120-130 frammøtte tilhøyrarane opplyste at han hadde 7,5 timar dagpendling i veka ved hjelp av hurtigbåt i kombinasjon med buss, mens kun buss mellom Sauda og Sand gav 12 timar pendletid kvar veke.

– Det er ikkje godt nok. Det er heller ikkje godt nok at Kolumbus ikkje vil sette opp rutene, før dei ser kor mange elevar i Suldal som søker seg til Sauda vidaregåande skule. Den sjansen er det mange elevar som ikkje tar, og dei søker seg til andre skular, var Arne Bergsvåg (Sp) sitt svar.

Solveig Ege Tengesdal (KrF) var heilt einig.

– Det er ikkje godt nok og me må finne andre løysingar dersom me ønsker å ha skular i heile fylket, sa ho.

Unni Fuglestad (V) meinte at det generelt må bli eit betre og meir effektivt kollektivtilbod i Rogaland.

– Det er frustrande for unge som har eit dårleg kollektivtilbod. Det dempar mulegheitene for eit sosialt liv.

Marianne Chesak (Ap) viste til at regjeringspartia hadde kutta 100 millionar kroner i støtte til hurtigbåttilbodet i Rogaland. Men sjølv om denne fordelingsmodellen skulle bli reversert, kunne ho likevel ikkje love meir pengar til kollektivtilbodet.

Ole Ueland (H) synest akkurat det er symptomatisk for debatten.

– Dette er ganske vanskeleg og det kostar mykje pengar. Det blir illustrert her med at ingen tør love noko, sa han, og såg bort på dei andre partia sine fylkesrepresentantar.

Fleirtalsstøtte

Rektor på Strand vidaregåande skule, Erik Danielsen, ville vite om fylkespolitikarane kunne love nok pengar slik at Sauda og Strand kunne drive forutsigbart som regionalt kompetansesenter som tilbyr lokal utdanning og kompetanseheving.

Dette var svara:

Margrete Dyssjaland (FrP): – Ja!

Sovleig Ege Tengesdal (KrF): – Ja, men me vil følge med på korleis det fungerer, med tanke på korleis me skal organisere det opp mot vaksenopplæring.

Marianne Chesak (Ap): – Ja, ingen tvil om det.

Unni Fuglestad (V): – Ja, me må absolutt klare å ordne det.

Arne Bergsvåg (Sp): – Eit klart ja på det. Det er på tide å få det inn i meir forutsigbare former.

Monica Kvilhaugsvik (SV): ­– Ja.

Ole Ueland (H): – Ja, med betingelse om at fylkeskommunen får ekstra penger.