Jon Lambrigt Grindheim og Per Aksel Birkeland håpar på rekorddeltaking ved årets kyrkjeval i Sauda. Totalt er det 3 158 personar som kan stemma ved kyrkjevalet på måndag.
Jon Lambrigt Grindheim og Per Aksel Birkeland håpar på rekorddeltaking ved årets kyrkjeval i Sauda. Totalt er det 3 158 personar som kan stemma ved kyrkjevalet på måndag. FOTO: Ingvil Bakka

Kven blir med i det nye soknerådet?

Vallista til soknerådet i Sauda tel 15 namn. Dei som stemmer kan setta opptil tre kryss – og føra opp andre namn.

Kandidatar, soknerådsvalet i Sauda:

  1. Per Aksel Birkeland.
  2. Anna Jorunn Garvik.
  3. Jan Reidar Årtun.
  4. Barbro Ccoscco Werdal.
  5. Arild Fosstveit.
  6. Line Hoftun Amdal (ny).
  7. Gunnar Solvang.
  8. Kjell Ole Øverland.
  9. Leif Sandnes (ny).
  10. Bernt Egil Strømme (ny).
  11. Anja Huse (ny).
  12. Svetlana Michalsen.
  13. Jannicke Hillestad Hatlen (ny).
  14. Thorhild Synnøve Thomassen (ny)
  15. Synnøve Bergstuen (ny)
– Det er viktig at folk set kryss på dei personane dei vil ha inn i soknerådet, seier Per Aksel Birkeland.

Han har dei siste sju åra vore soknerådsleiar i Sauda, og står i dag øvst på vallista for soknerådsvalet komande måndag.

Fleire tar gjenval

Soknerådet består av seks faste medlemmer og fem varamedlemmer. På årets valliste er det ført opp 15 namn, av dei sju menn og åtte kvinner. Åtte av kandidatane er anten medlem eller varamedlem i soknerådet i dag.

– Me er veldig glad for at fleire av dagens soknerådsmedlemmer og –varamedlemmer tar gjenval. Det er bra for kontinuiteten i arbeidet til soknerådet, seier Jon Lambrigt Grindheim, dagleg leiar ved kyrkjekontoret og ikkje-røystefør sekretær for soknerådet.

Dei to yngste på vallista i år er 31 år. Målet om å ha minst to personar under 30 år på vallista var vanskeleg å innfri.

– Det er eit ungt kristent miljø i Sauda, men me har ikkje klart å få dei til å bli med på lista. Det er synd, innrømmer Per Aksel Birkeland.

Nok namn på lista

Elles har nominasjonskomiteen meldt frå om eit greitt arbeid med å rekruttera kandidatar til vallista. Årets liste tel 15 kandidatar til dei til saman elleve verva.

Ved valet i 2015 talde lista bare ti namn. Éin person førte opp namnet til Barbro Ccoscco Werdal på sin stemmesetel, og dermed var den då 27 år gamle Werdal valt inn som varamedlem til soknerådet. I år står Barbro Ccoscco Werdal sitt namn på alle vallistene i stemmelokala i Saudahallen, på Austarheim skule og på Risvoll skule.

I tillegg til dei valde medlemmene og varamedlemmene, har soknerådet også eit politisk valt medlem, som også har eit varamedlem. Dei siste fire åra har Kristeleg folkapartis Kristian Landro vore fast medlem, medan Høgres har hatt varamedlemmet, dei siste åra med Solfrid Seim.

Ifølge den daglege leiaren ved kyrkjekontoret, Jon Lambrigt Grindheim tel medlemslista til kyrkja i dag  3 158 personar i såkalla røystefør alder, der dei yngste kan stemma det året dei fyller 15 år. Ved kyrkevalet i 2015 var valdeltakinga 21 prosent.

Meir open kyrkje

Per Aksel Birkeland har vore med i soknerådet i to periodar. Han blei valt inn for første gong i 2011 og tok over leiarvervet i rådet i 2012. Han har fleire gonger vurdert å gi seg og sleppa andre til, men har gått med på å stå øvst på vallista også i år, slik han gjorde i 2011.

– Nå kan du skriva at eg går inn i min siste periode i soknerådet. Men eg blir gjerne med dei komande fire åra. Det er eit kjekt arbeid, seier han.

Per Aksel Birkeland har vore ein forkjempar for ei opnare folkekyrkje. Sjølv føler han at han har lukkast i arbeidet sitt.

– Kyrkja er for fleire enn den faste, litle menigheten. Me merkar at når me opnar opp for litt ”ekstra” som barnegospel, konsertar, trekkespelklubben og andre opptredenar i kyrkja, så kjem det fleire folk med ein gong. Eg føler kyrkja er blitt meir alminneleggjort og meir folkeleg nå enn før, seier han.

Møter og utval

Medlemmene i soknerådet har fast møte ein gong i månaden, minus i juni, juli og desember. Dei får fleire saker til behandling, og jobbar også med planlegging av kyrkjeåret, set opp kollektlister og vedtar budsjett. Sauda-kyrkja har også fleire utval, der medlemmer i soknerådet er med.

– Arbeidsutvalet er som eit ”formannskap” som førebur mange av sakene før dei skal opp i soknerådet, forklarer Per Aksel Birkeland, som har vore medlem i dette utvalet dei siste åtte åra.

Dei andre utvala er barne- og ungdomsutvalet, diakoniutvalet og lønsutvalet. Som regel har utvala minst eitt medlem eller varamedlem frå soknerådet, dei andre medlemmene er andre valde saudabuar med engasjement for kyrkja.

Medlemmene og varamedlemmene i soknerådet får honorar for vervdeltakinga si.

– Honorara er dei same som gjeld for politikarane i kommunestyret og formannskapet. Blir løna til politikarane skrudd opp eller ned, følger me på med å justera våre honorar, forklarer Jon Lambrigt Grindheim, dagleg leiar ved Sauda kyrkjekontor.