Sauda sitt J12-lag har spelt ein svært god haustsesong og var ubeseira før laurdagens to kampar. Da kom karmøylaga Åkra 1 og Åkra 2 på besøk i Saudahallen. Saman med Sauda har desse tre laga så langt peika seg ut som dei tre sterkaste laga i den ti lag store serien.
I første kamp møtte Sauda Åkra 1. Kampen starta jamt og laga følgde kvarandre ei stund. Så begynte Åkra 1 å sige ifrå gradvis. Til pause var stillinga 6-10. I andre omgang drog Åkra 1 ytterlegare ifrå. I siste del av andre omgang varta Sauda opp med fire susare av nokre langskudd, som alle gjekk i mål. Nokre av dei klassescoringar i vinkel. Heimelaget burde nok ha tatt sjansen på distanseskudd tidlegare i kampen. Kampen enda 11-18 til Åkra 1.
I det andre oppgjeret laurdag var det Åkra 2 som var motstandar. Her blei det eit tettare oppgjer, men Åkra 2 vann til slutt 10-13.
Dermed er det Åkra 1 som toppar serien, med Åkra 2 og Sauda som nummer to og tre, men der alle har 14 poeng. Sauda har spelt ni kampar, Åkra 2 har spelt åtte kampar og Åkra 1 sju kampar.
Spelt sidan seksårsalderen
Trenar Anne Catrine Hovland er godt fornøgd med haustsesongen til laget.
– Dette er jenter som har spelt saman sidan dei var seks år gamle. Det er stødige spelarar som kjenner kvarandre godt. Det er derfor me klarer å hevde oss godt, seier Hovland, som har trent dei sidan dei begynte å spele.
Med seg som hjelpetrenar har ho Hannah Solland, men på laurdagen var det Odd Erik Egge frå foreldregruppa som steppa inn som assistent.
I år er det første sesongen dei spelar med fullt reglement. På tribunen får dei god oppbacking frå heimepublikummet.
– Handballmiljøet har ivrige publikummarar i Saudahallen. Dei lager voldsomt med liv og dei fortener ros, seier Anne Catrine Hovland.
Åkra 2 blir til vanleg trent av saudabuane Amalie og Aurora Lofthus, men sidan dei var opptatt med å spele kamp for damelaget til Åkra, kunne dei ikkje vere med på laurdag.
– Litt synd, for det hadde dei gleda seg til, seier Åkra 1-trenar Karl Magnus Vikra, som tok seg av kampleiinga også for Åkra 2.
J12-laget til Sauda blir trent av Anne Catrine Hovland. Foto: Frank Waal.