– Vanvittig kjekt å oppleva ein slik godfølelse i starten på året. Dette lover godt for NM, EM og VM seinare i år, seier Hildeborg Juvet Hugdal.
Styrkeløftaren frå Sauda deltok laurdag i Agder og Rogaland sitt regionmeisterskap i styrkeløft.
Juvet Hugdal løfta 275 kilo i knebøy, 220 kilo i benkpress og 218 kilo i markløft. Dette gav ein totalsum på heile 713 kilo. Hennar forrige personlege rekord blei sett i september 2014, under Western European Cup. Dei siste åra har løftinga hennar vore prega av skrekkskaden ho pådrog seg under eit benkpressløft under EM i styrkeløft i Malaga i 2017. Etter operasjon nummer to, i juni i 2018, har det bare gått ein veg: Oppover.
– Men det var mykje ”stang ut” i fjor. Eg var veldig nær totalpersen fleire gonger, med totalsummar på 692 kilo og 695 kilo. Det var var fantastisk godt å passera 700 kilo igjen, seier ho.
Juvet Hugdal sette også ny personleg rekord i markløft denne laudagen. Det godkjende løftet på 218 kilo var èin kilo meir enn hennar tidlegare personlege rekord.
– Eg må 12-13 år tilbake til den forrige persen min i denne øvelsen. Å setta ny pers i markløft smakte derfor ekstra godt, seier ho.
I sin beste øvelse, benkpress, løfta Hildeborg 220 kilo i regionmeisterskapet i helga.
I denne øvelsen har ho 227 kilo som personleg rekord i styrkeløftkonkurranse og 232,5 kilo i rein benkpresskonkurranse.
– Men nå føler eg at eg er tilbake der eg var, før skaden. Nå føler eg at eg endeleg er tilbake for fullt, seier Hildeborg Juvet Hugdal.
I løpet av året går det slag i slag med meisterskap for styrkeløftaren. I mars er det NM i benkpress – på heimebane i Sauda. I mai er det EM i styrkeløft, i juni er det styrkeløft-NM – før det heile blir krona med VM i styrkeløft i Stavanger i november.