Åtte år gamle ”Sherlock”, som er ein raudbrun irsk setter, forsvann i området Honganvik-Hustveit søndag.
Åtte år gamle ”Sherlock”, som er ein raudbrun irsk setter, forsvann i området Honganvik-Hustveit søndag. FOTO: Privat

Ber om hjelp til å finne sakna hund

Ein raudbrun irsk setter forsvann i området Honganvik-Hustveit søndag morgon. Nå ber hundeeigaren om hjelp til å finne hunden.

Det var frå Solland hyttefelt mellom Honganvik og Hustveit at den åtte år gamle hanhunden forsvann. Hunden blei lufta da den fekk ferten av noko, og forsvann rundt hytta. Etter det var den sporlaust vekke.

Hundeeigaren har søkt i området og i tillegg fått hjelp frå folk i Sauda, som både har søkt med hund og halde utkikk. Men etter to døgn har hunden, som har namnet ”Sherlock”, ikkje blitt funnen. Hunden har blitt etterlyst gjennom Facebook på fleire sider.

– Hunden er veldig snill og oppsøkande, så me synest det er veldig trist at me ikkje har mottatt informasjon om observasjonar av den, opplyser eigar Bergit Louise Tveit.

Ho er glad for at temperaturane har halde seg over null grader etter at den forsvann.

Hundeeigaren ber om at folk er observante og melder ifrå dersom dei ser ein laus raudbrun irsk setter. Ho meiner hunden kan ha tilbakelagt ein lang strekning i løpet av to døgn og derfor kan befinne seg i eit anna område enn Honganvik-Hustveit nå.

Tveit opplyser at dei har lagt ut tepper i håp om at dette kan vere til hjelp for hunden til å finne vegen tilbake. Ho ber derfor om at slike tepper ikkje blir fjerna.