FOTO: Illustrasjonsfoto: Arkiv.

Per og Ragnvald og appelsinskal

Minne frå Svandalsfjella ein gong i slutten av 60-åra.

Like etter jul las eg i eit gammalt (2018?) Ryfylke at Per Fløgstad var 80 år. «Ja, ja, dei unge vert gamle, dei òg», sa eg til meg sjølv, og så tenkte eg ikkje meir på det. Men eit par veker seinare stod eg svett og andpusten inne på Stavsholtmyrane og såg på solnedgangen. Eg drog opp ei halvfrosen appelsin or lomma og sette akkurat  tennene i skalet då eit knivskarpt glimt i hjernecellene opna for ein samanheng mellom appelsinskal og Per. Og eg var endå ein gong tilbake til Sauda i slutten av dei merkverdige 60-åra.

Ein strålande lørdag i mars var eg nede på Øyra og skulle kjøpa to grove med sirup. Utanfor bakeriet trefte eg på Ragnvald (Årebrot). Han kom som vanleg lydlaust syklande på den svarte med ballongdekk, og etter ein heller kort samtale bestemte me fort at neste dag skulle me på tur til Bakkavatnet. «Eg får med Per òg», seier Ragnvald og trilla vidare for å handla inn søndagsmiddag på Forbruken.

Neste dag stod me nede i Fløgstadvika og venta på Ljungbussen til Svandal. Bussen var som vanleg stapp full, men ved hjelp av ein tolmodig Rolf Ljung og Ragnvald sine breie skuldre fekk me ståplass i trappene.

Veret var det same som dagen før: Ein svak nordavind under ein vårblå himmel som ein ikkje finn andre stader enn på Vestlandet. Og snart kunne folket i løypene oppover mot Djuvsbotn sjå tre løyper – heilt parallelle – som gjekk oppover mot Bakkavatnet. Her var det mat, og eg hadde som vanleg fire grove med sirup og fløytemysost mellom. Og så hadde eg to skrukkete Filippa frå Vanvik.

Maten uroa meg litt, for nå hadde eg bare to skiver og eitt eple igjen. Men på den andre sida skulle me bare gå over Avelsvatnet, renna ned på Svandalsvatnet og ta strake vegen under Ramnafjell til Djuvsbotn. Ragnvald var svært så ivrig den dagen, og på Svandalsvatnet slo han frampå om å gå til Reinfossvatnet, over Storavatnet og til Aksla for å få utforkøyringa ned til Djuvsbotn. Eg var i god form, hadde gløymt heile maten og skulle ikkje vera den som sa nei. Nede på Reinfossvatnet heiv me i oss, for min del, resten av nista, og snart kunne den som var høgare oppe enn oss, sjå tre snorbeine løyper over vatnet.

Eg visste det ville komma, og det var heilt greitt: Me skulle gå om Søresåtene og opp på Hustveitsåta.

Eg visste det ville komma, og det var heilt greitt: Me skulle gå om Søresåtene og opp på Hustveitsåta. Men det var bratt, det var langt og det vart endå lenger då svolten byrja å romstera nede i magen. Det gjekk bra ei lang stund, for eg såg for meg mor sine kjøttkakemiddagar med Kerrs Pink, brun saus, hovudkål og tyttebærsyltetøy. Litt seinare skifta det over til pannekaker med blåbærsyltetøy i haugevis, og til slutt såg eg komlemiddagane på spisebordet heime. Det var overflod av komler og røykt grisakjøt og kålrabistappa, og eg åt og åt. Men då eg kom til meg sjølv igjen var det ikkje komler eg hadde i munnen, nei, det var snøfiller.

Ei tett snøbyge hadde ramla innover Søresåtene og gjorde at me såg lite og ingenting, men Ragnvald meinte at viss me bare gjekk oppover, så ville me nå toppen greitt. For meg var det ikkje greitt. Svolten blei verre og verre, og det gjekk seinare og seinare. Per og Ragnvald forsvann i snøkavet, og nå såg eg ikkje bare mat, men eg lukta han óg. Lukta av steikt småsild var fantastisk, likeså lukta av nybakte horn. Men då eg kjende lukta av Stokkedal sine pølser med knall og sennep, ja då forstod eg at nå var det like før eg måtte gi meg. Mest med det same gav snøveret seg, varden på Såta dukka fram, og Per og Ragnvald var akkurat ferdige med kvar si appelsin.

«Kan eg få appelsinskalet ?

«Kan eg få appelsinskalet ?», sa eg med knapt høyrande stemme. Dei såg forskrekka på meg, og så stupte båe to på hovudet ned kvar sin sekk og kom opp med ein neve med tjukt, orange og kvitt Jaffa-appelsinskal. Å for ei lykke! Eg togg og togg og svelde og svelde, og då Ragnvald ymta frampå at nå måtte me skunda på før mørkret tok oss att, var eg i fin form. «Me stoppar ikkje før me er nede på Svandalsgardane», høyrer eg han seia då han hiv seg utfor.

Det vart ei avsindig ferd. Tri par Splitkein fjellski med stålkantar og tri karar med strekkbukser som small når farten vart vel stor, tok beinvegen ned til Storavatnet, skøyta over vatnet med strammarane på, gjekk Skråningen utan å sjå ned, fór ned til Djuvsbotnen utan å merka det fæle elvefaret rett før hyttene, gjorde eit hopp over Appelsinhytta og gådde ingenting før dei stod på tunet til ein forskrekka svandalsbonde. Han tok i mot oss med kald mjølk og kakerester etter søndagskaffien, ringde etter drosje og visste ikkje kva godt han skulle gjera før bilen kom.

Alt ordna seg til slutt: Korkje Røde Kors eller Heimevernet var alarmert, men då ein omnshusarbeidar tok seg ein rask tur til Aksla neste dag før han skulle på ettermiddag, vart det lenge spekulert på kva eller kven som hadde laga dei store, orange rosene som låg med jamne mellomrom i snøen, heile vegen frå Aksla til Svandal.