Brøytemannskapa har hatt god hjelp av varmt og flott sommarvêr dei siste vekene.
Brøytemannskapa har hatt god hjelp av varmt og flott sommarvêr dei siste vekene. FOTO: Bjørn Lund, AS Forskaling.

Røldalsvegen opnar i ettermiddag

I dag, fredag klokka 16.00, vil vegen mellom Sauda og Røldal omsider vera open for trafikk – ein dryg månad på overtid.

– Me har brøyta gjennom alt, tatt ned nokre skavlar, hatt geolog med oss, og har flydd over med drone. Me meiner det skal vera greitt å kjøra over fjellet nå, seier Peer Einar Klungtveit, avdelingsingeniør i Statens vegvesen.

Det har i år vore uvanleg store snømengder i fjellet. Dette, kombinert med ein kald vår har gjort brøytearbeidet ekstra utfordrande. Det blei raskt klart at ein ikkje ville klara å gjera det kjørtbart over fjellet innan den kontraktfesta datoen, 15. mai.

Avdelingsingeniør Peer Einar Klungtveit fortel at det varme vêret den siste tida har sett god fart på snøsmeltinga.

– Eg målte fem meter på nokre av brøytekantane den eine veka. Veka etterpå var det tre meter på same staden. Det smeltar fort i denne varmen, seier han.

Ifølge Klungtveit har brøytemannskapa sett igjen nokre maskinar langs vegen oppe i fjellet. Dette for å vera i beredskap dersom det skulle vera behov for ekstra snørydding nå i snøsmeltinga.

I fjor opna Røldalsvegen mellom Breiborg i Sauda kommune og Håra i Ullensvang kommune, laurdag 11. mai.

I 2015 opna ikkje vegen over Røldalsfjellet før i begynnelsen på juli.