Olav Dybing Bakka (nummer 151) sprang inn til km-sølv på 1 500 meter i gutar 13-klassa på ny personleg rekord.
Olav Dybing Bakka (nummer 151) sprang inn til km-sølv på 1 500 meter i gutar 13-klassa på ny personleg rekord. FOTO: Geir Eikeskog

Friidrett:

KM-sølv og 1500-pers for Olav Dybing Bakka

Saudautøvarane med eit knippe medaljar i årets KM i friidrett.

Sauda IL friidrett stilte med fire utøvarar på startstreken då krinsmeisterskapen i friidrett gjekk av stabelen i Sandnes i helga. 13 år gamle Olav Dybing Bakka stilte til start i tre øvingar og henta med seg medaljar i to av dei.

På 1 500-meter sette unge Dybing Bakka ny personleg rekord då han for første gong braut femminuttarsgrensa og sprang inn til 4,57,55. Det gav sølvmedalje i krinsmeisterskapen og den tolvte beste 1500-metertida av ein 13-åring i Norge så langt i år. Det blei også medalje på 60-meter, der tida 8,92 var den tredje beste i feltet og dermed bronseplass.

Endå betre medaljefangst blei det for Olav sin jamaldring Åsne Stensvåg Seim. Åleine i klassen heldt 18,95 i diskos og 8,28 i kule naturlegvis til gullmedalje i begge øvingar for kastaren.

Øvrige medaljar til lokale utøvarar gjekk til Carlos A. Ccoscco Ventocilla som tok sølv i spyd og Hanna Haugsvær, som representerer Haugesund IL, med sølv i diskos i jenter 15-klassen.

KM friidrett Rogaland
Sandnes, 22. – 23. August 2020

Diskos, j13 (1):
1          Åsne Stensvåg Seim, Sauda IL               18,95

Diskos, j15 (3):
1          Inga Rabben Reimers, Sandnes             37,59
2          Hanna Haugsvær, Haugesund IL            32,88

60 meter, g13 (6):
1          Philip Kauffman, Skjalg                             8,41
3          Olav Dybing Bakka, Sauda IL                   8,92

600 meter, g13 (11):
1          Dennis Kvame Ravndal, Spirit             1:39,23
5          Olav Dybing Bakka, Sauda IL              1:43,94

Spyd, menn senior (3):
1          Vebjørn K. Bottenvik, Sandnes                 64,27
2          Carlos A. Ccoscco Ventocilla, Sauda IL   41,85

800 meter, menn senior (8):
1          Salim Bukari, Skjalg                               1:57.51
7          Ivar Bakka, Sauda IL                              2:21.72

1 500 meter, g13 (7):
1          Dennis Kvame Ravndal, Spirit               4:44,15
2          Olav Dybing Bakka, Sauda IL                4:57,55

Kule, j13 (1):
1          Åsne Stensvåg Seim, Sauda IL                  8,28