Juniorløparane Elias Dybing og Kristiane Teig var raskast då den tradisjonsrike Saudamila gjekk av stabelen i grisesurt haustvêr torsdag kveld. 26 løparar gjennomførte løpet, fem fleire enn i fjorårets utgåve.
Med fleire sterke løparar på startstreken, var det duka for fleire spennande duellar i herreklassen. Både Atle Mehus og Glen Tore Løland verka interesserte i å halda farten oppe frå start, og utgangsfarten bar bod om sluttider klart under vinnartidene dei siste åra.
På veg opp Brekkebakken ser Løland, med fleire topplasseringar i motbakkeløpet Hovlandsnuten opp på merittlista, ut til å få ei lita luke. Luka blir imidlertid tetta, og ved passering Andreasmoen består teten av fem løparar: Løland, Mehus, Jonas Listøl, suldølen Øyvind Røgenes og Elias Dybing. Listøl må seinare bryta løpet etter å ha pådratt seg ein strekk.
Tett kamp
Når det nærmar seg mål, har Mehus og Røgenes måtta sleppa. Sigerskampen står mellom Glenn Tore Løland og stjerneskotet Elias Dybing. Den duellen vinn 12-åringen, som passerer målstreken fem sekund foran Løland. Atle Mehus tar tredjeplassen. Vinnartida er gode 35,25, ei tid ein må tilbake til tidleg på 2000-tale for å matcha. Dybing betrar si eiga løpstid frå 2019 med fem og eit halvt minutt. For ordens skuld kan ein ta med at løyperekorden, som er 20 år i år, tilhøyrer Johnny Skår frå Gjesdal og lyder på 31,24.
På kvinnesida er det tynnare i rekkene, men også her blir det sprunge fort. 14 år gamle Kristiane Teig vann fjorårets saudamil på 46,52. Denne gongen viser sluttida 43,26. Fortset Teig den fine framgangen ho har hatt, er det slett ikkje utenkeleg at Martha Meltveit sin løyperekord på 42,29 frå 1996 står for fall ved neste krossveg.
Resultat Saudamila 2020:
Menn, senior | |||
1 | Glenn Tore Tøland | Sauda IL | 35,30 |
2 | Atle Mehus | Sauda IL | 36,01 |
3 | Øyvind Røgenes | Suldal IL | 36,07 |
4 | Erlend Widerøe Hennig | Hjelmeland IL | 37,52 |
5 | Ola Martin Øverland | Sauda IL | 38,42 |
6 | Nikolai Austarheim | Statkraft BIL | 39,11 |
7 | Endre Risøy | Sauda IL | 40,19 |
8 | Håvard Lien Austerheim | Sauda IL | 40,42 |
9 | Torstein Kjerpeset | Sauda sykkelklubb | 41,08 |
10 | Ivar Bakka | Sauda IL | 42,20 |
11 | Egil Aarebrot | IL NY Von | 43,00 |
12 | Karl Erik Handeland | Vår Energi | 43,52 |
13 | Per Inge Fjellheim | Sauda O-klubb | 44,38 |
14 | Vidar Jensen | Sauda IL | 52,50 |
15 | Morten Åbø | Sauda IL | 53,18 |
Kvinner senior | |||
1 | Elina Jensen | Brakamoen bhg | 1.02,57 |
Menn junior | |||
1 | Elias Dybing | Sauda IL | 35,25 |
2 | Håvard Kolbeinsvik | Sauda IL | 38,59 |
3 | Torben Djuv Søfting | Sauda IL | 40,19 |
4 | Jone Bjerga Øverland | Sauda IL | 40,55 |
5 | Iver Bastlien | Sauda IL | 43,43 |
6 | Vegard Rød | Sauda IL | 49,32 |
7 | Iver Bjerga Øverland | Sauda IL | 52,32 |
8 | Sebastian Listøl | Sauda IL | 52,57 |
Kvinner junior | |||
1 | Kristiane Teig | Sauda IL | 43,26 |