Laura Seltveit.
Laura Seltveit. FOTO: Arkivfoto.

Laura Seltveit er død

Sauda sin ordførar i åra 2005-2011 blei 70 år.

Torsdag kom den triste nyheita om at Laura Sofie Seltveit hadde gått bort dagen før, 70 år gammal. Mange saudabuar vil huska Seltveit frå hennar virke som ordførar i Sauda i åra 2005 til 2011.

Seltveit, med jentenamnet Imsland, frå Imsland, kom til Sauda tidleg på 1970-talet. I april 1972 fekk ho arbeid på det som då heitte Trygdekontoret, ein arbeidsplass ho heldt fast ved like til pensjonistalder, dei siste åra under namnet Nav.

I 1999 blei Laura Seltveit valt inn i kommunestyret for Arbeidarpartiet. Ved kommunevalet i 2003 fekk partiet heile 45 prosent av stemmene. Torfinn Opheim (Ap) blei attvald til ordførar, Laura Seltveit blei varaordførar.

To år seinare blei Opheim valt inn på Stortinget. Seltveit tok steget opp og blei ordførar – og med det heiltidspolitikar.

Kommunevalet 2007 gav Arbeidarpartiet og ordførarkandidat Laura Seltveit nok ein opptur. «Saudabuen sa JA til Laura» slo Ryfylke fast på framsida. Med 51,8 prosent av stemmene fekk partiet reint fleirtal i eit kommunestyre der kvinnene for første gong var i fleirtal. Laura var kandidaten med desidert flest slengarar. Torfinn-effekten var borte. Nå snakka Sauda om Laura-effekten.

Som ordførar inntok ho gjerne ei slags morsrolle. Omsorgspersonen Laura såg ut til å trivast best når dei rundt henne hadde det bra, og verka gjerne ubekvem når debatt-temperaturen og konfliktnivået kring henne steig. – Verdas snillaste og med ein ekstrem sans for rettferd, er ein av karakteristikkane gitt av ein tidlegare politisk motstandar.

Foran kommunevalet i 2011 valde Seltveit å tre til sides frå listetoppen, men likevel stilla til val. Karriera i kommunepolitikken blei avrunda med fire år som varaordførar med partifelle Frode Sulen som ordførar. Denne perioden var ho også fast representant i fylkestinget.

Blant sakene Laura Seltveit engasjerte seg mykje i var Saudas status som Fairtrade-kommune, der ho ennå var pådrivar og kontaktperson.

Laura Sofie Seltveit blir gravlagt frå Saudasjøen kapell kommande fredag. Ho etterlet seg ektemann, tre barn og sju barnebarn.