David King (frå venstre), Einar Haugen og Lars Njøten utgjer Sauda Velforening.
David King (frå venstre), Einar Haugen og Lars Njøten utgjer Sauda Velforening. FOTO: Frank Waal/arkiv.

Planlegg nye prosjekt

Dugnadsgruppa Sauda Velforening har lagt bak seg eit aktivt år. Nå bruker dei vinteren til å planlegge nye dugnadsprosjekt.

For eit drygt år sidan begynte ein einsleg person å rydde buskar og kratt i Vangnes-området ved sentrum. Snart var dei plutseleg tre personar som oppretta ”Sauda Velforening”. Sparebankstiftelsen Sauda gav dei startkapital slik at dei kunne kjøpe inn utstyr og tilhengar. Sauda kommune og lokale bedrifter sponsa dei med andre nødvendige innkjøp.

– Nå bruker me vinteren på å planlegge nye prosjekt, opplyser Einar Haugen, som var initiativtakaren til dugnadsinnsatsen.

Nå har dei summert opp prosjekta dei har gjennomført i 2020. Dei har oppretta si eiga Facebook-gruppe der dei har publisert ein video som viser aktiviteten det siste året. ”Årsrapport-videoen” er også publisert på Youtube under namnet ”pro bono publico”, som velforeininga har oversett til ”dugnad i det offentlege rom”.

– Me har mottatt mykje støtte og føler me må synleggjere aktiviteten vår, seier Haugen.

For det er ikkje bare i Vangnes-området dei har rydda opp for å gjere det litt finare i Sauda.

Haugen opplyser at dei gjerne tar imot fleire medlemmer som har lyst til å bidra.