unknown title
FOTO: Handteikna kart fra 1861.

Sauda Handelsforening og Ryfylke inviterer til

Påskereisa 2021

Heller ikkje dette året lar det seg gjera å arrangera påskequiz i teltet på Rådhusplassen. Som eit plaster på såret vil Ryfylke og Sauda Handelsforening gjerne ta deg med på eit virtuelt rebusløp i Sauda og deromkring. Oppgåvetekstane leiar deg til 16 ulike stader i distriktet, utfordringa er å finna fram til kor ferda skal gå.

Årets påskereise startar sentralt i Sauda. Turen tar ein solid sving utanfor kommunegrensa, men ikkje lenger vekk enn at kommunen ein besøker har grense mot Sauda, før ein kjem tilbake til Sauda kommune og etter kvart går inn for landing i sentrale område. Lukke til!

1 Reisa vår startar der så mange reiser har starta. Der kor alt skal slitast over og munnen strevar med eit tungt «nana». Det blir nok servert meir slag og spark enn billettar her i dag, men skiltet heng  framleis på utsida og minner om det som var her før og om ein av dei aller finaste saudasongane.

2 Her ligg framleis tydelege spor etter den dramatiske hendinga i november 1976. Dei som kom var på ein stad dei ikkje skulle vore, men konsekvensane av feilnavigeringa var bagatellar forhold til potensialet. Det har ikkje vore fastbuande i området på lenge og det skjer neppe igjen. Like ved – i luftlinje – staden der dramaet utspant seg, blir det sendt viktige signal i mørkret.

3 «For å koma dit du skal må du reisa kollektivt dit ingen vil» sa forfattaren, men reisefølget hans frå i sommar tok likevel turen til denne staden, der dei møtte ho med songen med lik tittel som den Kirsti Sparboe song i Napoli.

4 Planen var å pussa opp huset, få vekk litt skog, få ut 10-15 villsau og fjerna flåtten. Næringsdrift på ein populær sommarstad har imidlertid gjort at denne svært skriveføre kvinna og mannen hennar har mindre tid til å fullføra enn då dei starta opp. Eit drygt 500 dekar stort område her blei i 2020 ilagt restriksjonar.

5 Neste stoppestad ligg på ein stad som 1. januar 2020 hadde 23 folkeregisterte innbyggarar. Denne staden er velkjend for mange reisande saudabuar, både dei som fri- eller motvillig stikk innom og dei som ferierer her. Postnummeret hit er det som ligg aller nærast Sauda sitt.

6 Anlegget som er «ein dryg mannsalder» gammalt og med namn frå eit punkt 979 meter over havet blei hausten 2020 lagt ut for sal. Mange unge rogalendingar har gode minne frå opphald her, og delar av verksemda var alt i haust fullbooka til 2023. Det ligg noko her som er litt mindre enn det Sauda har sørvestlandets største av.

7 Her møttest dei utan ring og nokon med også, eit lite stykke vest for inngangspartiet som etter segna skal ramla saman den dagen sju systrer står brur same dagen. Staden er framleis sentral for anlegga som mellom anna omfattar landets 12. største.

8 Dette gamle knutepunktet blei liggande utanfor allfarveg då den nye tida kom, men er i dag eit slags knutepunkt for annan infrastruktur. Han med fugleprisen som ser mot ljoset kom herfrå. Staden hadde royalt besøk for to tiår sidan.

9 Eitt av årets sju utvalde høgdepunkt ligg nær vatnet der det går ei grense og eit uhyre etter gammalt har ete opp all fisken og kanskje til og med vore på land og forsynt seg med småfe. Namnet inneheld eit godt sausisk uttrykk for noko som held på å gro.

10 Til denne grenda i Sauda kom kraftkaren Asbjørn frå Suldal, som etter segna gjorde mektig inntrykk på danskekongen då han tenestegjorde som soldat i den store nordiske krigen først på 1700-talet. Då ein oberst truga han til å dra krokfing, sleit han like godt av heile fingeren til obersten. Karane på feil stad i oppgåve 2 hadde arbeidsoppdrag i heimtraktene til Asbjørn.

11 Han som aldri tok nei for eit nei tok initiativet. Krigshelten stod for avdukinga, generalen såg håp for Norge og biskopen slo fast at ein her fekk kontakt både med seg sjølv og noko endå større der folk hadde valfarta til i hopetal i høve det storfine besøket. Initiativtakaren blei seinare sett pris på.

12 Etter segna fekk denne staden namn frå ein lokal uttale av namnet til han som budde her, han som var «ein aparta mann» og som stod seg så godt med Storemannen at han kunne få mest kva han ville og gjera kva han ville. Mellom anna kunne han tørka sokkane sine på solstrålane. Den siste ferda hans baud på utfordringar som i ettertid har gitt namn til ein steinformasjon ein annan stad. Mykje tyder imidlertid på at namnet på staden der han budde og som me skal til, fekk namnet ut frå plasseringa. Her passerer dei som skal gå rundt.

13 Husmannen som gjorde det avgjerande mineralfunnet budde her og brukte, som mange andre, stadnamnet til etternamn. Stadnamnet har ein forfriskande «klang» for mange, men nye minimumskrav har gjort at mange synest det blir i overkant friskt her.

14 Stova til Marta var ikkje så gammal som ein kanskje trudde. Likevel er ho eitt av Saudas eldste hus, der ho ligg, fritt og luftig, men ikkje så lange gåturen frå meir sentrale strok av Sauda. Me skal til staden stova kom frå då ho blei flytta, der nokre av dei mest spennande arkeologiske funna i Sauda blei oppdaga i 1944 og 1989.

15 Alle i området har ei slik «innramming», men bare eit avgrensa område, som er vårt reisemål, har fått namnet frå desse rekkene, der mange har noko til felles med etternavnet til den svenske nattergalen. Like ved skodar den aller første høvdingen ut over nabolaget, som snart skal tilbake til fordoms prakt. Eit naboområde framkallar musikalske assosiasjonar og har ein stor samlingsplass i motsett ende.

16 Påskereisa er snart over for i år; me er nesten tilbake der me starta. Om første og siste stoppestad ikkje akkurat har felles opphav, kan dei godt seiast å tilhøyra ein litterær fellesskap. Det var her Sigfred Lima peika og sa: Her har de universitetet der sonen min Freddy studerer.

Reisemåla i årets påskereise sender du på e-post til knutatle@ryfylke.net eller på papir til postkassen vår på Vangnes 10, 4200 Sauda, innan onsdag 7. april.

Hovudpremien er eit Sauda-gåvekort på 1 500 kroner. I tillegg deler me ut tre «trøystegåvekort» på 500 kroner.