Charlott Rossel har ønska å drive ein eigen etestad i over 16 år. No som vesle Leah skal i barnehagen, har draumen blitt verkelegheit.
Charlott Rossel har ønska å drive ein eigen etestad i over 16 år. No som vesle Leah skal i barnehagen, har draumen blitt verkelegheit. FOTO: Oda Bjønnes Hanslien.

Draumen om husmannskost

Fredag 2. april opnar ein ny etestad i sentrum. Charlott Rossel vil vidareføre mora sin draum når ho serverer norsk husmannskost til saudabuen.

Charlott Rossel har stått på kjøkken så lenge ho kan hugse, og har ein ekstra sans for norsk husmannskost. I 16 år har haugesundaren drøymt om å drive ein etestad.

– Eg har aldri følt meg vaksen eller modig nok, men så bestemte eg meg! No gjer eg det!

Praktisk anlagt

Rossel er 31 år og tobarnsmor. Ho flytta til Sauda i 2016 etter at ho møtte sambuaren sin som er far til dei to barna hennar.

– Det blei naturleg å flytte til Sauda fordi det er trygt for barn her inne og sambuaren min hadde ein god jobb. Eg kunne flytte på meg så då blei det sånn, seier Charlott.

Haugesundaren har fleire år med hardt arbeid bak seg. Etter vidaregåande tok Charlott eit friår, som blei til mange friår der ho heller jobba enn å gå tilbake til skulebenken. På CV-en har Rossel fleire år på hotellkjøkken i Haugesund, ho har vore servitør, seljar i butikk og jobba over to år som frisør.

– Eg har aldri vore ein teoretisk person som klarer å fokusere på skulen. Eg synest det var veldig vanskeleg, for eg er meir praktisk anlagt.

Draumen til mor

Mora Wenche har i likskap til Charlott jobba på kjøkken i alle år. Då Charlott var 15 år skulle mora starte noko eige, men ein nakkeskade sette ein stoppar for planane. For Charlott var det ikkje noko kjekt å sjå mora ha det vondt.

– Ho er eit rivjern, så det var vanskeleg å sjå at ho ikkje kunne gjere det ho liker.

Draumen til Wenche gikk skeis, men nokon andre tok opp tråden og starta ein etestad i Haugesund. Initiativet gleda Wenche, men at dottera startar Heimalaga i Sauda er enda meir spesielt.

– Ho er veldig glad for at eg skal gjere dette. Ho føler seg heime, seier Charlott.

I oppstartsfasen av Heimalaga får Charlott hjelp av mora som skal bidra på kjøkkenet og bak disken. Ho vil gjere mykje av det same som Charlott, utan dei tunge løfta.

– Det er for å kome meg inn i ein rutine. Viss det er noko som ikkje går, så er mamma der og hjelper.

Det er ikkje bare Charlott si mor som skal hjelpe til med Heimalaga. Faren til Charlott, som er fransk, derav etternamnet Rossel, skal lage ei nettside og ein app som folk kan bestille mat frå. Heile familien var i ekstase då Charlott fortalte om planene sine for etestaden.

– Brørne mine er skikkeleg stolte og imponerte. Mamma blei så glad at tårene rann.

Alt klaffa

No som det yngste barnet hennar er i barnehagen, var tida endeleg inne for å starte noko eige. Ho fekk nøkkelen til lokalet same dag som ho var på visning. Det gamle bankbygget har vore draumelokalet sidan tanken om Heimalaga starta.

– Huseigar spurte om eg var interessert i bygget, og eg sa ja. Då fekk eg nøkkelen og beskjed om å bare starte, så skulle han hjelpe meg med det eg trengte. Eg er veldig fornøyd og har ikkje angra eit sekund. Alt har klaffa.

Charlott har fått høyre at ho er modig som tør å starte noko nytt, sjølv ser ho det ikkje på same måten.

– Det er heilt naturleg for meg at når du brenn for noko og kan gjere det, så gjer du det.

Husmannskost

Menyen til Heimalaga skal bestå av god, gammeldags norsk husmannskost. Inspirasjonen til menyen kom fra Charlott sjølv, ho elskar nemleg den tradisjonelle maten.

– Denne menyen har vore planen i alle år. Det er heimelaga husmannskost som eg, foreldra, besteforeldra og oldeforeldra mine er oppvaksne med.

Kvar dag er det dagens rett som til dømes kjøttkaker med kålstuing, komler og lapskaus. Kalddisk med lunsjkaker, fiskekaker og pannekaker blir det også å finne i det gamle apoteklokalet. Produksjonen av maten skjer før etestaden opnar.

Det er Charlott sjølv som har stått for store deler av oppussinga. Fredag om ei veke opnar ho Heimalaga i Rådhusgata. FOTO: Oda Bjønnes Hanslien.

– Då kan folk plukke og velge mellom tilbehør. Har du ikkje lyst på ris til kyllingen, kan du få poteter, seier Charlott.

Med menyen og prisane håpar Charlott at ho treff alle i Sauda.

– Eg vil treffe alle og det trur eg at eg gjer, både prismessig og menymessig. Fordi me kan køyre ut maten, så treff me også den eldre garden.

Pussa opp sjølv

Heimelaga vil halde til i Rådhusgata, i lokala Nuten Sport brukte før butikken flytta til det gamle Selvig-bygget. No er prøveromma rivne og lokalet pussa opp. Veggane er malt og beisa. Eigar av lokalet, Jan Erik Rasmussen, skal sette inn toalett og vask. Det skal også vere stellebord med gratis bleier og serviettar. Barnemat på glas er det også muleg å få hos Charlott.

– Folk skal ikkje måtte tenke på å ha med seg stelleveska når dei kjem hit for å ete, seier Charlott.

For barna er det også satt opp ein binge med sakkosekkar, fjernsyn, bord og stolar og leiker.

– Ungar er jo ofte ferdige med å ete lenge før foreldra, då er det greit med ein plass for dei som er utålmodige.

Det er Charlott sjølv som har gjort mykje av oppussinga, men ho har også fått hjelp av sambuaren, Are Petter Søndenå, og venninna Katrine Ringstrand.

Ein plass for studentar

Det er ikkje bare barna som skal få kose seg på Heimalaga, Charlott ønsker også at studentane skal ta turen innom og ete. Ho har planar om å sette opp eit gjestenett som studentar kan bruke når dei jobbar med skule. Eit klippekort på mat er også i planleggingsfasen, der kvar femte eller tiande middag blir gratis.

– Et klippekort må til sånn at studentane droppar den frossenpizzaen og heller kjem her og får i seg eit fullkome måltid.

Charlott prøver uansett å halde prisane på Heimelaga nede ved å handla billigast muleg. No reiser ho til Haugesund for å handle råvarer i store kvanta, men håpar på sikt å få til avtalar med dei lokale forhandlarane. Charlott fortel at ho ønsker å servere gode porsjonar til gode prisar. For å presse prisane ned, skal all mat brukast opp.

– Ser eg at det er masse poteter igjen, lagar eg kanskje ei gryte som ikkje står på menyen. Då blir det minst muleg svinn.

Barnebingen gjer det enklare for at foreldre får ete opp middagen sin i fred, medan barna kan leike og sjå på film. FOTO: Oda Bjønnes Hanslien.

Ønsker å bli positivt overraska

Charlott er fullt klar over at ho startar opp midt i ein pandemi, men tenker at dette kanskje er eit gunstig tidspunkt likevel. Heimalaga er eigentleg basert på take away, sjølv om det er muleg å ete i lokalet.

– Du treng ikkje å gå på butikken og handle der du tar på produkt som mange andre har tatt på. Maten går kun fra oss til deg, og me kan også kome heim til deg så du treng ikkje å kome ned eingong.

Haugesundaren fortel at ho ikkje kan sjå negativt på situasjonen. Ho har sett opp eit budsjett med pessimistiske tal, men til og med det ser lovande ut. Charlott vil heller bli positivt overraska, enn skuffa.

– Eg kan ikkje gå rundt å tenke at dette går ikkje, då drar eg meg sjølv ned.