Ved å klikka på, dela, lika eller kommentera falske saker, bidrar du til å spreia usanne saker vidare. Stopp, tenk og sjekk før du deler noko vidare, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Ved å klikka på, dela, lika eller kommentera falske saker, bidrar du til å spreia usanne saker vidare. Stopp, tenk og sjekk før du deler noko vidare, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand. FOTO: Medietilsynet.

– Stopp, tenk og sjekk før du liker og deler saker på nett

Medietilsynet, DSB, Faktisk.no og LLA lanserer kampanje for å auka folk sitt medvit rundt falske nyheiter og desinformasjon.

Tal frå Medietilsynet viser at nær sju av ti har opplevd å komma over informasjon på nett dei var usikre på om var sann. Medan nær fire av ti i alderen 25-29 år meiner dei har god kontroll på kva som er falske nyheiter, kan bare to av ti i gruppa 16-25 år og èin av ti over 80 år seia det same.

Denne veka lanserte Medietilsynet saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, faktisk.no og Landslaget for lokalaviser, LLA ein kampanje for å gjera folk meir medvitne på kva dei les, liker og deler på nett.

Kampanjen, som har fått namnet «Stopp. Tenk. Sjekk», er eitt av fleire tiltak i regjeringa sin handlingsplan for å hindra uønskt påverknad i samband med stortingsvalet i haust.

– Har for lite kunnskap

– Den siste undersøkinga frå Medietilsynet om kritisk medieforståing viser at desinformasjon og falske nyheiter dessverre er ganske vanleg. Me veit òg at mange har for lite kunnskap om korleis dei kan avdekka usann informasjon, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Dei siste åra har dataangrep og spreiing av falske nyheiter frå framande statar prega gjennomføringa av val i fleire land.

– Falske nyheiter er ei utfordring for samfunnstryggleiken fordi dei kan svekka tilliten i samfunnet. Tillit inneber ei vissheit om at me vil kvarandre vel, noko som er ein stor styrke når me skal handtera krisar.  Derfor er det så viktig at me vernar om den høge tilliten mellom styresmakter, medier og befolkning som me har i Norge, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i SSB.

– Ver kritisk

Kampanjen «Stopp. Tenk. Sjekk» tar utgangspunkt i saker og påstandar som har blitt publisert, og som faktisk.no har faktasjekka. Landslaget for lokalaviser oppmodar sine medlemsaviser om å dela annonsar, film og quiz frå kampanjen på nett og i papiravisa.

– Redaktørstyrte medier formidlar informasjon som folk kan stola på, stiller kritiske spørsmål og lar ulike oppfatningar komma fram. Våre medier er viktige i kampen mot falske nyheiter, ikkje minst i samband med val, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, LLA.