Næringsminister Jan Christian Vestre er ansvarleg for Justervesenet og for at Norge har korrekt tid.
Næringsminister Jan Christian Vestre er ansvarleg for Justervesenet og for at Norge har korrekt tid. FOTO: Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

– Ein time ekstra til å klemma kvarandre

Framleis inga EU-avklaring rundt avvikling av sommartida.

Natt til søndag 31. oktober skal klokka stillast èin time tilbake då sommartida skal tilbake til normaltid. Ny-utnemnt næringsminister Jan Christian Vestre oppmodar folk til å nytta den ekstra timen godt.

– I motsetnad til i fjor haust kan vaksinerte nå klemma kvarandre igjen. Det synest eg alle bør prioritera, seier Vestre.

Næringsministeren er ansvarleg statsråd for justervesenet, noko som også gjer han til landets «tidsminister».

I 2018 la Europakommisjonen fram eit forslag om å avvikla ordninga med å stilla klokka fram og tilbake. Europaparlamentet stemte forslaget gjennom i mars 2019 og har sidan då lege til behandling hos Rådet for den Europeiske Union. Herfrå har det ennå ikkje kome noko avgjerd, og Komiteen for transport og turisme i Europaparlamentet har nå bede Rådet om å få fortgang i arbeidet.

Norge har i denne omgang hatt sommartid sidan 1980, men var alt i 1916 innom ordninga som såg dagens lys under første verdskrig med mål om å spara kol som skulle nyttast i krigen.